Helse Bergen har avtale for pasientreiser i alle kommunar forutan tre

I vel fire månader frå oktober 2020 til månadsskiftet februar/mars 2021 var Helse Bergen utan avtale for transport av pasientar med rekvisisjon i 12 distriktskommunar. No har vi nye avtalar på plass i alle kommunar forutan tre. Det betyr at pasientane igjen får transport av helseføretaket og slepp å legge ut for reise med rekvisisjon sjølve, for så å søke dekning av utgifter i etterkant.

Det er inngått nye avtalar om køyring av pasientreiser i følgande område:

Austevoll kommune, tidlegare Fusa kommune (ein del av Bjørnafjorden kommune), deler av Kvinnherad kommune (Ølve og Hatlestrand) *, Kvam kommune, Gulen kommune, Masfjorden kommune, Alver kommune, Austrheim kommune og Samnanger kommune.

* I området Ølve/Hatlestrand (Kvinnherad kommune) er det avtale om køyring i tidsperioden 06.00 – 18.00 – alle dagar. 
For dei andre områda har helseføretaket avtale om køyring heile døgnet. 

Ved overgang til nye avtalar vil Helse Bergen ved Avdeling for pasientreiser sørge for at reiser som alt er rekvirert blir ivaretatt og sendt over til transportør.

For meir detaljar om oppstart og overgang til nye avtalar og transportørar; sjå liste over status for kommune/område.



Følgande kommunar/område er fortsatt utan avtale om køyring av pasientreiser: 

I Vaksdal kommune, Modalen kommune og Osterøy kommune står Helse Bergen utan avtale inntil vidare.
For område Osterøy er det tildelt kontrakt, men avtale om pasientreisekøyring er ikkje signert og inngått. Det har kome klage på tildelinga, og klagen er under behandling.
Inntil vidare blir det ikkje gjort endringar i den praksisen vi har for Osterøy.

For meir detaljar om ordningane vi har i område utan avtale, sjå liste over status for kommune/område.

Følgande kommunar/område er ikkje berørt av nye avtalar, her har Helse Bergen avtale om køyring av pasientreiser frå før:

Tidlegare Os kommune (ein del av Bjørnafjorden kommune), Fedje kommune, Voss kommune, Bergen kommune, Askøy kommune og Øygarden kommune. 
I Ulvik kommune er det avtale om køyring ut av kommunen heile døgnet, og i kommunen på kvardagar mellom kl.0600 og 18.00.



Sjå status for dei ulike kommunane:

Austevoll

Ny avtale er på plass med Austevoll Taxi. Oppstart var 24. februar.

Fusa

Ny avtale er på plass med Fusa Taxisentral. Oppstart var 24. februar.

Samnanger

Ny avtale er på plass med Samnanger Taxi. Oppstart er 13.april

Gulen

Ny avtale er på plass med Gulen Taxi. Oppstart var 1.mars.

Masfjorden

Ny avtale er på plass med Masfjorden Taxisentral. Oppstart var 24. februar.

Vaksdal

Helse Bergen er inntil vidare utan avtale om køyring av pasientreiser i Vaksdal kommune. 

Det er fortsatt semje med Dale Taxi om å køyre oppdrag for dei mest sårbare pasientane på bestilling frå Helse Bergen. 
Behandlarar og pasientar vil i desse særskilte tilfella vere informert. I tillegg kan sjukeheimar i Vaksdal (og Modalen) rekvirere reise slik som tidlegare.
Dale Taxi kan tilby faktureringsavtale og kredittkøyring for den enkelte og sjåfør kan lage avtale med pasient om returreise. Dersom dette er ønskeleg må den enkelte pasient gå i dialog med Dale Taxi.

Modalen

Status er lik den i Vaksdal.

Kvam

Ny avtale er på plass med Norheimsund Øystese Taxi for heile Kvam kommune.
Oppstart var 24.februar.


Kvinnherad (Ølve og Hatlestrand)

Ny avtale er på plass med Hillesvik Transport for området Ølve og Hatlestrand. Oppstart  var 24. februar. Avtalen gjeld køyring i tidsrommet 06.00 – 18.00 alle dagar. Helse Bergen har ikkje avtale om køyring utanom desse tidene. Det vil seie at dersom pasientar skal reise mellom kl.18.00 og kl.06.00 (kveld/ natt), må pasient bestille og legge ut for reisa sjølv og søke reisekostnadar dekka i etterkant. 

Osterøy

For Osterøy er Christiania Taxi Bergen tildelt kontrakt, men avtalen er ikkje signert. Tildelinga er klaga inn og klagen er under behandling.  Planlagt oppstart 6.april er derfor utsett. 
Inntil vidare er det semje med Osterøy Taxi om å køyre oppdrag for dei mest sårbare pasientane på bestilling frå Helse Bergen. Behandlarar og pasientar vil i desse særskilte tilfella vere informert. I tillegg kan sjukeheimar på Osterøy rekvirere reise slik som tidlegare.

Osterøy Taxi kan tilby faktureringsavtale og kredittkøyring for den enkelte og sjåfør kan lage avtale med pasient om returreise. Dersom dette er ønskeleg må den enkelte pasient gå i dialog med Osterøy Taxi.


Alver

Ny avtale er på plass med Nordhordland Taxisentral. Oppstart var 24. februar.

Austrheim

Ny avtale er på plass med Nordhordland Taxisentral. Oppstart var 24. februar.

Kva betyr manglande avtale for deg som pasient?

Vi vil presisere at manglande avtalar i eit område/ein kommune ikkje betyr at du som pasient mister retten til nødvendig helsehjelp i kommunen eller i spesialisthelsetenesta. Retten til helsehjelp og til å få dekt utgiftene til nødvendige reiser til og frå behandling, gjeld som før uavhengig av transportløysingar. 

Dette gjeld dersom du skal reise med rekvisisjon frå eit område/ein kommune utan avtale om køyring av pasientreiser eller i eit område der avtalen ikkje gjeld mellom kl. 18.00 og 06.00, og du skal reise i dette tidsrommet:



  • Du må sjølv organisere transport og legge ut for rekvirerte reiser i og ut av området/kommunen. 
  • Du kan betale for reisa i taxien, eller få ei kvittering for kreditt der det er mogleg.
  • Du må søke dekning av reiseutgifter i etterkant.
  • Rekvisisjonen er dokumentasjon som automatisk vil følgje søknaden din om dekning av reiseutgifter. 
  • Du kan sjå dine rekvirerte reiser ved innlogging på https://helsenorge.no/pasientreiser
  • Ved reise til behandling i eit område der vi har avtale om køyring,  f. eks. til Haukeland universitetssjukehus, vil Avdeling for pasientreiser ordne transport til deg heim igjen
  • Dersom du har behov for rekvirert reise på trafikalt grunnlag skal du kontakte Avdeling for pasientreiser på tlf. 05515 som i dag. Dei same retningslinjene vil gjelde for desse reisene.

Søknad om dekning av reiseutgifter - informasjon og hjelp

Søknad om dekning av reiseutgifter kan du gjere digitalt eller på papirskjema. 
Kvittering for betalt transport må leggast ved. 


Informasjon og rettleiing finn du på:

https://www.helsenorge.no/pasientreiser
Her kan du også logge inn og søke digitalt.

Ved bruk av papirsøknad, så skal denne sendast til:
«Pasientreiser HF, Postboks 2533 Kjørbekk, 3702 Skien»

Steg for steg-rettleiing for pasientar

Steg for steg for pasient - ved reise med rekvisisjon fra et område uten transportøravtale

Du kan også få hjelp med reiserekningsskjema i pasientventearealet i 0.etasje i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus, eller på tlf. 05515.

Pasientreiser har ope måndag-fredag kl. 07-19 og laurdag kl. 09-15. 

Ta gjerne kontakt med oss på e-post: pasientreiser@helse-bergen.no     
Unngå å skrive personsensitive opplysningar i e-post.
Vi vil bistå og rettleie så godt vi kan i det enkelte tilfelle. 

Kva betyr dette for rekvirentar og behandlarar?

Reiser som startar i område/kommunar utan avtale om køyring/Reiser som startar på kveld/natt i område utan avtale mellom kl. 18.00 og 06.00:

  • Behandlarar/rekvirentar skal framleis vurdere pasientens medisinske behov for transport og rekvirere i forkant, som i dag. 
  • Pasienten må likevel organisere og legge ut for reisa si sjølv og søke dekning av reiseutgifter i etterkant.
  • Rekvireringa vil bli nytta som dokumentasjon til pasientens søknad om dekning av reiseutgifter i område utan avtale.


Reiser som startar i område/kommunar med avtale om køyring

  • Behandlarar/rekvirentar vurderer pasientens medisinske behov for transport og rekvirerer i forkant, som i dag. Avdeling for pasientreiser ordnar tilrettelagt transport til pasienten, som i dag.


Pasient må ordne transport sjølv frå område utan avtale. Helse Bergen v/Pasientreiser ordnar transport frå område med avtale.

Eit eksempel på dette er ei reise frå pasientens bustadskommune, som ikkje har avtale om køyring, til Haukeland Universitetssjukehus. Reisa til sjukehuset må pasient ordne sjølv, men på retur – frå sjukehuset og heim, der vi har avtale om køyring - vil pasient ved behov få tildelt tilrettelagt transport av Avdeling for pasientreiser.

Ved behov for rekvirert reise på trafikalt grunnlag skal pasienten kontakte Avdeling for pasientreiser på 05515 for vurdering som i dag. Dei same retningslinjene vil gjelde for desse reisene.

Søknad om dekning av reiseutgifter – informasjon og hjelp

Helsepersonell kan bestille reiserekningsskjema, konvoluttar, rettleiingar og anna informasjonsmateriell for pasientreiser kostnadsfritt på

https://pasientreiser.no/helsepersonell/bestill-materiell

Søknad om dekning av reiseutgifter kan pasienten gjere digitalt eller på papirskjema.
Informasjon og rettleiing på https://helsenorge.no/pasientreiser

Pasientar kan også få hjelp med reiserekningsskjema i pasientventearealet i 0.etasje i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus, eller på telefon 05515.

Pasienten kan også sjå dei rekvirerte reisene sine ved innlogging på  

https://helsenorge.no/pasientreiser

Rettleiingar

Steg for steg for pasient - ved reise med rekvisisjon fra et område uten transportøravtaleHvordan ser jeg om reisen i rekvisisjonen faller innunder et område uten transportøravtale

Kontaktinformasjon 

Dersom noko skulle vere uklart i forbindelse med manglande eller nye avtalar i ditt område, eller om du møter på utfordringar og har spørsmål, ta gjerne kontakt med Avdeling for pasientreiser på telefon 05515 eller på e-post: pasientreiser@helse-bergen.no

Pasientreiser har ope måndag-fredag kl. 07-19 og laurdag kl. 09-15.
Vi vil bistå og rettleie så godt vi kan i det enkelte tilfelle.