Endringer i tilbudet ved reise med rekvisisjon

Dersom du ikkje kan nytte vanleg rutetransport, kan du få rekvisisjon til di reise av behandlaren din eller av ditt lokale pasientreisekontor. Å reise med rekvisisjon inneber at pasientreisekontoret organiserer og dekker reisa for deg. Du betaler berre eigenandelen.

 

​Helse Bergen jobbar kontinuerleg for å gjere tilbodet om reise til og frå sjukehuset best mogleg for pasientar med rekvisisjon.

Mange ulike hensyn må takast for å få dette til. Vi ønsker at våre pasientar skal vente minst mogleg og få god informasjon. Samtidig må vi bruke ressursane vi har på ein effektiv måte. 

Våren 2016 gjennomførte vi ein prøveperiode med faste avgonger frå sjukehuset til Askøy og Sotra. Dette har gitt oss nyttig kunnskap og vi jobbar vidare med å finne dei beste løysingane, óg på reiser inn til spesialisthelsetenesta og etter kvart i fleire kommunar. Vi ser at vi må redusere talet på avgonger og at dette kan føre til noko lenger ventetid for våre pasientar, både før og etter behandling. Pasienten sine helsemessige behov skal framleis ivaretakast og endringa vert gjort i samråd med det medisinsk-faglege miljøet.

Når du skal reise med rekvisisjon til behandling, vil du bli varsla via sms på same måte som i dag. Tenesta er ein dør-til-dør transport som før. Trafikkplanleggaren vil kontakta deg dersom det opprinnelege avreisetidspunktet vert endra.
Har du spørsmål knytta til di heimreise, kan du henvende deg til oss i Avdeling for pasientreiser, som er i 0. etasje i foajeen, Sentralblokken. Eller kontakt oss på tlf 05515. Vi gir deg informasjon om avgangstidene. Dei er óg synlege på tv-skjermane våre i same lokale. ​

Spørsmål og tilbakemelding

Spørsmål og tilbakemelding  kan sendast til: 
pasientreiser@helse-bergen.no

Les meir på helsenorge.no​