Bør ta høgde for noko lengre reisetid

I samband med overgangen til nye leverandørar av pasientreiser i kommunane Askøy, Bergen, Fjell og Sund, bør rekvirentar og pasientar ta høgde for noko lengre reisetid.
- Vi oppmodar rekvirentane i desse kommunane om å ta høgde for at pasientane kan trenge inntil ein halvtime lengre tid enn vanleg, frå hentetidspunkt til behandlingstidspunkt. Dette gjer vi for å vere sikre på at pasientane rekk timeavtalene sine, seier Ann-Mari Høiland, leiar i Avdeling for pasientreiser.

Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-6 gir pasientar rett til dekning av nødvendige utgifter når pasientar må reise for å ta i mot helsetenester. Dette blir utdjupa i Pasientreiseforskriften. Pasientreiser skjer både med og utan rekvisisjon. Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen har finansieringsansvaret for alle pasientreisene til offentleg godkjent behandling i primær- og spesialisthelsetenesta, i tillegg til at den koordinerer reiser med rekvisisjon.

Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med Avdeling for pasientreiser på telefon 91505515 (måndag – fredag kl. 0800 – 1530) eller på e-post pasientreiser@helse-bergen.no.