Bustadkontoret

Bustadkontoret har ansvar for utleige, drift og vedlikehald av Helse Bergen HF sine rekrutteringsbustader. Vi har 336 bueiningar som er fordelte på områda Haukelandsbakken, Hunstadsvingen, Hagevik, Nordås og Voss.

Les meir om Bustadkontoret

Bustadkontoret

Søkje bustad

Vi har 336 bustadar, herunder hyblar, leilegheiter, rekkjehus og einebustadar, for utleige. Bustadane er lokalisert i områda rundt Haukeland universitetssjukehus, på Nordås, ved Kysthospitalet i Hagevik og på Voss.

Kven kan søkje bustad?
Tilsette i Helse Bergen kan søkje bustad. Nøkkelpersonell blir prioriterte ved tildeling. Vi tar atterhald om retten til å reservere rekkjehusa til barnefamililiar. Søkjer som ikkje er tilsett i Helse Bergen HF er velkomen til å søkje hybel.

Korleis søkje bustad?
Fyll inn vårt elektroniske søknadsskjema for bustadar i Bergen og Voss.
For bustadar i Hagevik, sjå informasjon under «Hagevik, Os».

Når tildelast bustadene?
Bustadene blir tildelte første veke i kvar månad. Søkjar får melding når bustad er tildelt.

Ikkje flytte inn likevel?
Dersom du har takka ja til ein leigeavtale og ønskjer å seie frå deg tilbodet før leigeavtalen har starta, må du melde frå til Boligkontoret@helse-bergen.no straks. Du vil bli belasta med eit administrasjonsgebyr på kr 1000. Kansellering mindre enn 2 veker før leigeavtalen har starta medfører ordinær oppseiingstid.  

Våre bustader

Bergen, Haukelandsbakken 44-46

Alle leilegheitene i Haukelandsbakken 44 og 46 har altan, dei fleste med utsikt over byen. Standarden på leiligheitene kan variere. I begge bygga er det felles vaskerom med tørkeplass. I nr. 44 er det utandørs sykkelparkering, og i nr. 46 er det tilgang til sykkelbod.

Finn oss på kartet

Bergen, Haukelandsbakken 49

Alle leilegheitene i Haukelandsbakken 49 har balkong, dei fleste med utsikt over byen. Standarden på leilegheitene kan variere. Det er felles vaskerom, sykkelbod og opphaldsrom med TV i bygget. Alle bustadene har tilgang til internett via gjestenett.

Finn oss på kartet

Bergen, Hunstadsvingen

Barnefamiliar vil bli prioritert ved tildeling av bustad i rekkjehusa i Hunstadsvingen. Rekkjehusa består av to etasjar og har tre soverom, og det er ei parkeringsplass på tomta til kvart rekkjehus. Standarden i dei ulike rekkjehusa kan variere. Ved tildeling av oppussa bustad blir det rekna tilleggsleige på kr 2000,- for rekkjehusa.

Finn oss på kartet

Bergen, Nordåsgrenda 176

Bustadene på Nordås består av ein 1-roms leilegheit og eit 5-roms rekkjehus. Bustadene ligg i eit veletablert borettslag 5 minutter gangavstand frå Nordåstunet og 15 minutter køyring frå Haukeland universitetssjukehus.

Finn oss på kartet

Hagevik, Os

Bustadene på Hagevik ligg i to forskjellige bygg på sjukehusområdet, Systerheimen og Beteningsbustad. Begge bustadane ligg like bak Kysthospitalet, og har kort veg til sjøen.

Hyblane er delvis møblerte og har enkel standard og vask på rommet. Det er felles bad, og nyoppussa kjøkken som er fullt utstyrt og TV-rom.

Søknadsskjema - Bustad Hagevik (doc)
Søknadsskjema - Bustad Hagevik (pdf)

Send søknadsskjema enten til husøkonom per e-post eller til postadresse:
Kysthospitalet i Hagevik
v/Husøkonom
Hagaviksbakken 25
5217 Hagavik

Har du spørsmål? Ta kontakt med husøkonom på e-post eller på telefon 56 56 59 01 mellom kl. 08.00-15.00 

Finn oss på kartet

Voss

På Voss kan vi tilby følgjande bustader:

Om leige av bustad

Prisar

Bergen, Haukelandsbakken 44-46
1-roms leilegheit (18+10 kvm), kr. 4600,- pr. mnd
1-roms leilegheit (27 kvm), kr. 5050,- pr. mnd
2-roms leilegheit (35 kvm), kr. 6000,- pr. mnd  
2-roms leilegheit (39 kvm), kr. 6200,- pr. mnd

Bergen, Haukelandsbakken 49
Hybel (10 kvm), kr. 3300,- pr. mnd
Hybel (20 kvm), kr. 3900,- pr. mnd
1-roms leilegheit (35 kvm), kr. 5500,- pr. mnd
2-roms leilegheit (44 kvm), kr. 6600,- pr. mnd

Bergen, Hunstadsvingen
4-roms rekkjehus (95 kvm), kr. 10 800,- pr. mnd
Ved tildeling av oppussa bustad blir det rekna tilleggsleige på kr 400,- for leiligheit og kr 2000,- for rekkjehus.

Bergen (Rådal), Nordåsgrenda 176
1-roms leilegheit (45 kvm), kr 4200,- pr. mnd
5-roms rekkjehus (100 kvm), kr 11 500,- pr. mnd

Hagevik, Hagaviksb. 37  (Søsterheimen)
Hybel (12 eller 15 kvm), kr. 2000,- pr. mnd
2-roms leilegheit (40 kvm), kr. 3800,- pr. mnd
2-roms leilegheit (45 kvm), kr. 4100,- pr. mnd
2-roms leilegheit (68 kvm), kr. 4600,- pr. mnd
3-roms leilegheit (52 kvm), kr. 5100,- pr. mnd
3-roms leilegheit (120 kvm), kr. 6600,- pr. mnd

Hagevik, Hagaviksb. 39 (Beteningsbustad)
2-roms leilegheit (35 kvm), kr 3600,-pr. mnd.
Hybel (12 kvm), kr 2000,- pr. mnd
Straum, varme og fellesvaskeri er inkludert i leigeprisar for hyblar og leilegheiter. Prisar for rekkjehus er ekslusive straum.

Voss, Nedre Mølster 3A, 3B (Søsterheimen)
1-rom, kr 5100,- pr. mnd. inkl. straum
2-rom, kr 5800,- pr. mnd. inkl. straum

Voss, Kleivi
Rekkehus, kr 7700,- pr. mnd. eks. straum

Voss, Nedre Mølster 6, 8 (Overlegebustader)
Einebustad, kr. 9300,- pr. mnd. eks. straum

Flytte inn

Dersom du ønskjer å takke ja til tilbodet om bustad, blir det avtalt via e-post når det er innflytting og korleis nøklar og kontraktar blir leverte.

Nøklar/kontraktar
Du kan hente kontraktar og nøklar på Bustadkontoret, Haukelandsbakken 49, 6. etasje. Dersom du kjem utanom Bustadkontoret si opningstid (07.30-14.45) kan du hente det ved hovudresepsjon i Sentralblokka som er open 24 timar i døgnet. Kontraktane blir signerte og eitt eksemplar må bli returnert til Bustadkontoret første verkedag etter innflytting.

Husleige
Husleige til tilsette i Helse Bergen HF blir trekt i lønn.

Møbler
Er du tildelt delvis møblert bustad inneheld desse følgande standardutstyr: seng, stol og sofa, lamper, bord, bilde, gardiner, dusjforheng og noko kjøkkenutstyr.
Alle møblerte/umøblerte bustadar er utstyrte med kvitevarer og garderobeskap.

Fellesvaskeri
Vaskerom finn du i kjellar i Haukelandsbakken 44-46 og 49.

Postkasse
Postkassar finn du i første etasje i Haukelandsbakken 44-46 og ved hovudinngang i Haukelandsbakken 49. Nærmaste postkontor er Hansaparken. Hugs adresseendring ved innflytting.

Transportforbindelse
Ved foten av Haukelandsbakken er det på/avstiging for kollektivtransport. Sjå Skyss sin reiseplanleggar for meir informasjon.

Flytte ut

Her finn du informasjon om kva som skjer når du ønskjer å avslutte leigeforholdet ditt.

Oppseiing av leigeforholdet
Leilegheitene har 3 månadar og hyblar har 1 månad oppseiingstid frå den 1. i neste månad. Du seier opp ved å sende ein e-post til boligkontoret@helse-bergen.no 

Utvask av bustaden
Når leigetida er over skal leigetakar levere bustaden med tilbehør tilbake til Bustadkontoret, reingjort og i same stand som då han vart overtatt.

Rutinar for utvask av busraden

Ved utflytting blir bustaden inspisert saman med leigetakar og representant frå Bustadkontoret. Ta kontakt med Bustadkontoret nokre dagar før du skal flytte ut, for å avtale sjekk av leilegheit/rommet ditt. Husk å ta med deg alt som tilhøyrer deg. Boden din må også tømmast.

Husreglar

Branninnstruks
Alle bebuarar er plikta til å lese branninstruks.
Dersom brannvarslingsanlegg blir utløyst av uaktsamheit (matlaging etc) vil dette føre med seg eit utrykningsgebyr frå sikkerheitseininga på kr 500,-.

Grilling
Av omsyn til brannsikkerheita er det ikkje tillatt å grille på balkong eller altan (gjeld også eingongsgrill).

Feil og manglar
Meld feil og manglar til driftsleiar mobil 93 23 04 57 eller skriv e-post til boligkontoret@helse-bergen.no

Fellesvaskeri
Det er ikkje tillate å nytte fellesvaskeriet mellom kl. 23.00 og 07.00.

Husdyr
Husdyrhald er ikkje tillate i Helse Bergen HF sine bustadar.

Parabol
Det er ikkje tillate å montere parabol ved leilegheita.

Røyking
Røyking er ikkje tillate i Helse Bergen HF sine bustadar.  

Kontakt

Oppmøtestad
Vi held til i Haukelandsbakken 49, i 6. etasje.
Telefon
55 97 33 39 / 55 97 33 43
måndag - fredag 07.30-14.45
E-post
Postadresse
Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Drift / teknisk divisjon
Arealkoordinering
Postboks 1400
5021 Bergen

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Flybuss

​Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar

Praktisk informasjon

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​