Arealkoordinering

Avdelinga har to einingar, Arealkontoret og Bustadkontoret. 

Arealkontoret har ansvar for arealplanlegging og tildeling av areal med utgangspunkt i arealplanen til Helse Bergen HF. Avdelinga forhandlar og følgjer opp interne og eksterne leigeavtalar, har ansvar for kjøp og sal av eigedom, og all skilting i føretaket.

Bustadkontoret er ansvarleg for forvaltning, drift og vedlikehald av alle bustader til helseføretaket.

Les meir om Arealkoordinering

Arealkoordinering

Skilting på sjukehuset

Arealkontoret har ansvar for all skilting, inne og ute, i heile helseføretaket. Skilting gjerast i høve til Helse Bergen si skilthandbok. Prinsippet er at det utandørs vert skilta til dei ulike bygga og når ein kjem inn i bygget finn ein ei oversikt over alle einingar som held til i bygget.

Våre eigedommar

Helse Bergen HF eiger i kommunane Bergen, Lindås, Os, Radøy og Voss.

Klassifikasjonssystem for sjukehusbygg
I 2012 innført Helse Bergen HF klassifikasjonssystem for sjukehusbygg. Dette er ei registrering av alle rom i sjukehuset. Klassifikasjonssystemet er vedtatt innført av Helsedirektoratet og Helse Vest RHF og skal nyttast i samband med arealplanlegging, planlegging av nybygg, som hjelpemiddel for betre arealutnytting m. m. Registreringa er gjort i ISY Eigedom og rapportar kan takast ut derfrå.

Eigedomsforvaltningssystemet ISY Eiendom
For å forvalte leigekontraktar og teikningar i eigde og leigde bygg nyttar vi ISY Eiendom.
Det er stadige ombygginger i våre bygg og vi legger mykje arbeid i å halde teikningane oppdaterte. ISY Eiendom inneheld i tillegg til planteikningar, opplysninger om eigedomane, kontraktsinformasjon, bilde, målebrev m.m.

Internleige av eigedom

Alle einingar i Helse Bergen HF med unntak av barnehagane betalar internleige for bruk av sine lokale. Frå 01.01.2012 er leiga kostnadsdekkande.

Internleige er innført for å gjere synleg kostnaden ved å nytte lokale. Budsjettansvarleg kan da vurdere behovet for areal i forhold til å nytte budsjettmiddel til direkte pasientretta verksemd.

Alle einingar i helseføretaket med unntak av barnehagane betalar kostnadsdekkande leige for dei areala de nyttar. I leiga ligg avskrivingar, renter dersom det er nytta lån, utgifter til drift og vedlikehald, innvendig vedlikehald, energi, vakt og sikring, tomgangsleige og forvaltningskostnader som eigedomsskatt, forsikringar, kostnader til utgreining av prosjekt som ikkje vert gjennomført og administrasjon.

Ei stilling er sett av til administrasjon av internleiga. Arbeidet omfatter tildeling av areal, utarbeiding av leigekontrakt, oppfølging av leigekontrakten i leigetida, ajourhald av teikningsdatabasen, klargjøring av datafil som grunnlag for belastning av intern leige på de ulike einigar sine kostnadsstadar og utarbeiding av budsjett, samt husleigeberekning av nybygg og alle små og store byggeprosjekt.

Eksternleige

Bustadkontoret har ansvar for utleige, drift og vedlikehald av Helse Bergen HF sine rekrutteringsbustader. Vi har 336 bueiningar som er fordelte på områda Haukelandsbakken, Hunstadsvingen, Hagevik, Nordås og Voss.

Les meir om Bustadkontorets tilbod

Kontakt

Oppmøtestad
Vi har kontor i 2. etasje i Jonas Lies vei 68.
E-post
Postadresse

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Arealkoordinering
Postboks 1400
5021 Bergen

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Flybuss

​Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar

Bustadkontorethttps://helse-bergen.no/avdelinger/driftteknisk-divisjon/arealkoordinering/bustadkontoretBustadkontoret


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.