Ungdomsrommet BUS

Ungdomsrommet BUS (i Barne- og ungdomssjukehuset) er for deg som er ung og på sjukehus. Rommet er meint som ein stad der du kan kople av frå behandling og fritt for helsepersonell. Hit kan du ta med deg nokre venner, eller gå aleine. Det er opp til deg.
To jenter i sofa. Foto
På tide å chille?

Ungdomsrommet er laga for at unge skal ha ein eigen plass til å slappe av, sjå på TV, spille playstation eller spill pc. På ungdomsrommet er det ein romsleg sofa med masse puter, arbeidsbord med stolar, og fleire sittekrokar. I vindaugskarmane er det sittebenkar og ei fantastisk utsikt over Bergen.

Stad

Ungdomsrommet i BUS 1, er i blokk 4, etasje 3, i same korridor som sjukehusskolen, og har romnummer 3434.  

Du treng nøkkelkort 

Alle ungdommar ved Haukeland universitetssjukehus kan bruke Ungdomsrommet i BUS. Rommet er låst med kortlesar. Spør personale på avdelinga der du er om nøkkelkort. På nøkkelkortet er ein liten forklaring på korleis finne fram. Det er også mogleg å be personale på avdelinga om å kontakte Haukeland sine frivillige, som kan følge deg til Ungdomsrommet i BUS.

Det er to frå ungdomsrådet har vore med å innreie Ungdomsrommet i BUS og gjere det triveleg. Her må alle ungdommar rydde sjølv etter bruk. Personale ved Barne- og ungdomsklinikken har tilsyn med rommet.

Vi håpar du trivst på Ungdomsrommet i BUS.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.