HELSENORGE

Bruk av sosiale medier

Sosiale media gir oss moglegheit til å kommunisere med omverda og dele våre opplevingar - også når ein er på sjukehus. Her finn du velmeinte tips og råd om bruk av sosiale media som pasient eller pårørande.

Samling med logoer sosiale medier. Grafisk illustrasjon

Vi menneske er ulike. Nokon liker å dele mykje med mange, andre gjer det ikkje. Sosiale media kan vere ein god måte å halde kontakt med familie og vener på, og vi ønsker ikkje å stanse dette.

På eit sjukehus kan det vere etiske problemstillingar ein må tenke gjennom før ein deler, mellom anna omsyn til andre pasientar, brukarar eller tilsette ved sjukehuset. Det er derfor nyttig å ha ei retningslinje for lyd-, foto og filmopptak ved Haukeland universitetssjukehus:

Retningslinje for lyd-, foto og filmopptak ved Haukeland universitetssjukehus

Tenk over kva du deler

Om du er lei deg eller sint for noke, la det ligge ei stund og tenk deg om før du publiserer. Det er viktig å hugse at informasjon som blir delt i sosiale media, kan vere vanskeleg å fjerne når den først er publisert.

Pass på at du ikkje fortel ting om andre som dei sjølve ikkje ville ha delt. Om du er i tvil om noko er sensitiv informasjon, ikkje skriv om det. Det er alltid betre å skrive litt for lite enn litt for mykje. 

Spør alltid om lov

Vi deler fotografi, meiningar, videoar og kommentarar med hundrevis av menneske kvar dag. Hugs at det ikkje er greit å dele opplysningar eller av andre pasientar / brukarar utan deira samtykke. Heller ikkje alle tilsette ved sjukehuset ønsker å få bilde av seg sjølve publisert. Du må ha samtykke før du deler, og du bør fjerne bilde om han / ho som er avbilda ber deg om det.

Teieplikt

Det er ikkje alltid helsepersonell kan kommentere eller gi svar på innlegg eller meldingar du skriv i sosiale media. Vi ber deg generelt om å vise varsemd, og ikkje dele sensitiv informasjon i media.

Fann du det du leita etter?