Kvar dråpe er gull verd

Mjølkebanken på Haukeland universitetssjukehus

Ammar du og har rikeleg med mjølk? For tidleg fødde og sjuke nyfødde barn treng overskotet ditt.

Prematur baby på mors bryst. Foto
 

​Leiaren for Mjølkebanken på Haukeland universitetssjukehus, Ann- Helen Røksund, jobbar med å rekruttere fleire mjølkedonorar.

Betre enn erstatning

– Til dei aller minste er morsmjølk betre enn morsmjølkerstatning, då morsmjølka inneheld viktige næringsstoff som nyfødde  treng, seier Røksund.

– Morsmjølka  kan hindre infeksjonar og styrke immunforsvaret. Ho er tilpassa det nyfødde barnet sitt stoffskifte og tarm.

Mjølka blir gitt til barn der mor ikkje har mjølk, eller ikkje produserer nok mjølk til barnet sitt.

– Dei aller minste drikk ikkje mykje, og alt du kan levere er betre enn ingenting, understrekar Røksund.

– Kvar dråpe er gull verd

Treng fleire givarar

På Haukeland har dei for tida 5 godkjende mjølkedonorar, og tre som nettopp har testa seg for å bli givarar og ventar på svar. Dei fem donorane gir viktige bidrag, men det er ikkje nok til å dekke behovet på Nyføddintensiven på Barne- og ungdomsklinikken.

– Derfor ønskjer vi fleire donorar velkomen, seier Røksund.

For å bli donor må du ha meir morsmjølk enn du treng til ditt eige barn, og du må ha kome godt i gang med amminga (minimum seks veker). Det er også ein fordel om du startar levering av morsmjølk før barnet ditt er to-tre månader gamalt.

Les meir om korleis du går fram for å bli givar