HELSENORGE
Habiliteringstenesta for barn og ungdom (HABU)

Habiliteringstilbod hos oss

Vi skal leggje vekt på å gi eit så differensiert og individuelt tilbod som mogleg, som skal vere tilpassa den aktuelle problemstillinga.
Leker i vinduspost. Foto

​Våre tenester skal støtte det kommunale hjelpeapparatet og vere eit supplement og ei forsterking av det tilbodet som barn og unge får i sine kommunar.

Kommunane har ansvar for all habilitering som ikkje byggjer på spesialistkompetanse.

Tverrfagleg konsultasjon

På grunnlag av opplysningar i tilvisinga blir det sett saman eit tverrfagleg team som vil gjere habiliteringsutgreiinga. Konsultasjonar kan vere i form av ein dags poliklinikk eller fleire dagars utgreiing.

Nytilviste små barn – «Startpakke»

Første gangs individuell konsultasjon på HABU over to dagar. Utviklingsvurdering, utprøving og igangsetting av tiltak. Oppfølging lokalt i samarbeid med foreldre og lokale fagpersonar. Sørge for at det nødvendige systemarbeidet rundt familien kjem i gang, til dømes ansvarsgruppe og Individuell plan. Kurs for foreldre.

Foreldre / barn-grupper

Samling à tre-fire dagar i løpet av eit halvt år. Målet med gruppene er å la foreldre få dele tankar og opplevingar, knyte kontakt med andre foreldre, formidle kunnskap om barnet sin diagnose, eller om behov og om korleis vi best kan møte desse behova.

Vest Intensiv Tverrfagleg habilitering (VITH)

Kva er VITH?

VITH er eit eittårig behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta for barn med omfattande og samansette funksjonsnedsettingar og deira foreldre. Det er eit supplement til den ordinære habiliteringsoppfølginga. Behandlingstilbodet fram til 2025 er for førskulebarn i form av PIH Multi studien (les meir om studien lenger ned). Etter 2025 er intensjonen å utvide tilbodet om intensiv tverrfagleg habilitering for alle barn med omfattande og samansette funksjonsnedsettingar i alderen 2-18 år ved HABU Helse Bergen.

Gjennomføring av VITH

Det blir gjennomført tre gruppesamlingar med 8 dagars varigheit (kl. 08.45-14.00). Behandlinga skjer i grupper med ca. fem barn og deira foreldre. 

Kvinnelig helsepersonell sitter foran liten jente som sitter på et oransje teppe, med flere personer rundt seg. Foto

Det blir jobba tverrfagleg innanfor fokusområda mobilitet/motorikk, daglege aktivitetar/bruke hender, kommunikasjon/sosiale ferdigheiter. 

Liten gutt, støttet av voksen, kledd i ridderkostyme, holder sverd og fekter med annen gutt med sverd. Foto

Det er forventa at foreldre tar aktivt del i trening, stimulering, gruppesamtalar og på undervising.

Liten jente lener seg inntil benk med leker, kvinne sitter på benk holder leker, fysioterapeut støtter jentens hofter. Foto

Målsetting til VITH

Vi ønsker å gi barna moglegheit til å utvikle seg gjennom intensivt trening på utvalde område. Foreldra vel mål for sitt barn i starten av prosessen. Områda det skal trenast på skal vere ein del av barnet sin habiliteringsprosess. Alle som følger opp barnet, både lokalt og ved HABU, vil samarbeide om felles mål for barnet. Vi ønsker å tilby eit fellesskap for foreldre og barn gjennom å delta i gruppe saman med andre. 

Kostnadar ifm. VITH

Det er ikkje deltakeravgift. Det kan søkast om opplæringspengar og dekking av reiseutgiftar i samband med gruppesamlingar. ​

PIH Multi-studien

VITH deltar i perioden 2021-2025 i eit forskingsprosjekt leia av Sørlandet Sykehus. PIH Multi er eit behandlingstilbod for førskulebarn som har cerebral parese (CP) eller lignande tilstandar og deira foreldre. Forskingsprosjektet skal vurdere nytte og effekt av deltaking i PIH Multi i alle landet sine helseregionar. Dette betyr at deltakarar blir beden om å gi tillatelse til at det kan brukast resultat frå kartleggingar og undersøkingar av barnet og dei i forsking. Alle resultata blir anonymisert.​​

Oppfølging

  • Ei habiliteringsoppfølging vil kunne bestå av
  • Rettleiing til barnet/ ungdommen, foreldre og lokale fagpersonar
  • Polikliniske tverrfaglege konsultasjonar på HABU
  • Tilbod om gruppeopphald
  • Tilbod om kurs / undervisning
  • Tilbod om gruppebasert pasientopplæring
  • Tilbod om deltaking i nettverksgrupper

Starthjelp for foreldre med barn 0-5 år som får oppfølging ved HABU - brosjyre (pdf)

Datoer for starthjelpkurs i 2020

  • Dag 1: mandag 27.4: Tema: Systemene rundt oss
  • Dag 2: tirsdag 28.4 : Tema: Familie og nettverk
  • Dag 3: mandag 25.5: Tema: Håp og mestring
  • Dag 4: tirsdag 26.05 : Tema: Samspill med barnet
Fann du det du leita etter?