Som fritidsrom
Du som er barn eller ungdom og innlagd på sjukehuset kan nytte VR-rommet som ein pause frå sjukehuskvardagen. Her kan du teste ut VR-spel, dataspel eller bare chille i sofakroken. Ta gjerne med deg ein venn!
For å bruke rommet må du ha med deg ein vaksen som har fått opplæring på VR-rommet.
Høyr med sjukepleiaren/behandlaren din om kven du kan ha med deg. Er det ingen tilgjengeleg, kan sjukepleiaren din sende mail til energisenteret@helse-bergen.no, så skal vi sjå om vi kan ordne noko.
Som behandling
VR-teknologi kan nyttast til blant anna psykosebehandling og til trening av for eksempel gangfunksjon.
Er du behandlar og tenker at VR-rommet kan være nyttig i behandlinga di av ein eller fleire pasientar? Ta gjerne kontakt med energisenteret@helse-bergen.no.
Ordensreglar på VR-rommet
1. Hugs å booke tid i rommet via energisenteret@helse-bergen.no eller direkte i outlook-kalenderen.
2. Det skal alltid vere ein vaksen til stade som har fått opplæring i bruk av utstyret som er på rommet.
3. Rommet skal forlatast ryddig.
4. Hugs å desinfisere brukt utstyr. Høyr med resepsjonen dersom det manglar desinfiseringsmiddel eller papir.
NB! Glaset på VR-brillene må ikkje nyttast desinfeksjonsmiddel på, då vert dei øydelagde.
5. Skru av PC'ane og lyset i taket etter bruk.
6. Sjukehuset sine smittevernrutinar skal følgjast. Desse kan endre seg frå tid til tid. Sjå på helse-bergen.no for å oppdatere deg på gjeldande rutinar.