Sidan våren 2019 har vi hatt moglegheita til å vise dei nyaste kinofilmane i gymsalen på Energisenteret. Her viser vi barne- og ungdomsfilmar ein til to gonger i veka. Sjå under for å lese om kva filmar vi viser dei komande vekene.
Ha med smarttelefon og øyreklokker for best lyd!
Under kinoframsyninga er det lyd i rommet, men for å få best lyd til filmen, treng du å laste ned ein app på telefonen/nettbrettet ditt som koplar lyd til øyreklokkene dine. Då kan du styre volumet heilt sjølv. Du får hjelp av ein Energivert til å laste ned appen og kople deg på før filmen startar.
1. Last ned appen «Sennheiser Mobile Connect»
2. Kople deg på internettet med namn «MobileConnect»
3. Kople på lyd på kanal 1/channel 1 i appen «Sennheiser Mobile Connect». Du skal no få lyd frå kinofilmen.
4. Om lyden er dårleg synkronisert med kinobildet kan du prøve å sette mobilen i flymodus og sett på igjen wifi.
Kven kan vere med på kino i Energisenteret?
Alle born og unge tilknytta sjukehuset, uavhengig kva avdeling du tilhøyrer eller om du er pasient eller pårørande, kan kome. Ta gjerne med deg føresette, søsken og/eller ein venn. Vi har plass til rullestolar, pasientsenger og barnevogner.
Kinoprogram
Onsdager i oddetalsveker: Dørene opnar kl 18.15, filmen startar 18.30.
Fredagar kvar veke: Dørene opnar 17.30, filmen startar 17.45
Kinoprogram for juni 2023
23. juni blir siste visning før sommeren. Ny visninger kommer i august.
- Fredag 2. juni kl. 17.45: Spider-Man: Across the Spider-Verse
- Onsdag 7. juni kl. 18.45: Den lille Havfruen
- Fredag 9. juni kl. 17.45: Tannfe i Trøbbel
- Fredag 16. juni kl. 17:45: Den lille Havfruen
- Onsdag 21. juni kl. 18.30: Spider-Man: Across the Spider-Verse
- Fredag 23. juni kl. 17.45: Tannfe i Trøbbel