Endringar på Barne- og ungdomsklinikken under koronapandemien

Barne-og ungdomsklinikken har gjort nokre endringar for å redusere smitterisikoen i klinikken og for å kunne ta vare på dei som blir sjuke med COVID-19-viruset.

Til liks med resten av sjukehuset har Barne- og ungdomsklinikken gått over til telefon- og videokonsultasjonar der dette er mogleg, det vi kallar avstandsoppfølging. Dei pasientane som har behov for å kome til sjukehuset, får framleis kome.

Nokre pasientar kan få utsett timen sin. Då ligg det grundige, faglege vurderingar bak.
Dette er svært lite ønskeleg for dei det gjeld, og vi beklagar ulempene det medfører for den enkelte pasient og deira pårørande.
 Alle som får timen sin utsett, vil bli kontakta av klinikken med informasjon om korleis den vidare oppfølginga blir. Gjeld dette deg, blir du kontakta på telefon eller per brev.

Skuletilbodet og Leiketerapien er stengt inntil vidare. Dei tilsette på Leiketerapien kan kome enkeltvis på rommet til barna etter avtale, men barna kan ikkje kome på Leiketerapien.

Alle tilsette på Barne- og ungdomsklinikken jobbar no kontinuerleg med balansen mellom god og riktig behandling - og nødvendig beredskap og smittevern.


Er det trygt å kome til Barne- og ungdomsklinikken no?

Alle pasientar til poliklinikk og dagpost på Barne- og ungdomsklinikken har fått sms om at dei ikkje skal møte dersom dei er forkjøla/luftvegssjuk. Det same gjeld den vaksne som følgjer barnet. Under pandemien får barna til ei kvar tid berre ha med seg éin vaksen på sjukehuset, og denne personen må vere frisk og utan symptom på luftvegsmitte.
Unntak blir gjort dersom barnet har påvist smitte og ikkje har friske pårørande. Då blir pårørande isolert på rom på same måte som barnet. Dette gjeld ikkje Nyføddintensiv. Pårørande får ikkje kome på Nyføddintensiv ved mistenkt eller bekrefta COVID-19.

Alle pasientar og pårørande som kjem til BUK, må no bruke hovudinngangen i 1. etasje.
Inngangen frå tunnel i underetasjen er stengt. Pasient/pårørande må ringe på til eininga dei skal til, då det berre er den eininga pasienten tilhøyrer som kan sleppe han eller ho inn i sjukehuset.
Akutte pasientar til Barne- og ungdomsklinikken blir screena ved innkomst.
Mottaksområde og venteareal i klinikken er delt i ulike soner etter status på pasientane som kjem inn for å redusere smitterisiko.

  • Det er ei sone for pasientar med mistanke om smitte eller påvist smitte
  • Det er ei sone for pasientar med planlagde avtalar og som er utan påvist smitte eller symptom, og for pasientar med negativ screening.

Klinikken har oppretta ein eigen avklarings -/ pandemipost for pasientar med påvist smitte eller der COVID-19 infeksjon skal utelukkast.

Alle tilsette ved Barne- og ungdomsklinikken har gjennomgått smittevernopplæring, og klinikken følgjer nasjonale retningslinjer for smittevern, inkludert karantenevedtak for tilsette.


Barn og korona

Talet på barn som er rapportert med påvist COVID- 19-infeksjon, har så langt vore lågt. Det kan tyde på at barn enten får milde symptom, eller blir smitta i mindre grad.
Dei barna som blir sjuke ser ut til å tole sjukdom med koronavirus betre enn eldre. Få blir alvorleg sjuke. Men barn kan smitte andre.
Det er så langt ikkje vist at barn med kronisk sjukdom har auka risiko for  alvorleg forløp av COVID-19. Blant 44 000 påviste tilfelle med covid-19 i Kina, var berre 2 prosent barn. Blant desse hadde svært få alvorleg sjukdom.

Her kan du lese meir om barn og korona:

https://helsenorge.no/koronavirus/barn-og-gravide#Barn-og-korona

https://www.fhi.no/publ/2020/barns-rolle-i-spredning--av-sars-cov-2-covid-19/

Fann du det du leita etter?