Sykehusskolen

Barn og unge som er innlagt på sjukehus i meir enn ei veke, har rett på opplæring frå Sykehusskolen. Dette gjeld alle som har skoleplass.

Interiør Sjukehusskolen. Foto
 

Ved gjentakande opphald i sjukehus, er det nok å kontakte Sykehusskolen om at barnet/ungdommen er tilbake og klar for opplæring.

Det er Hordaland fylkeskommune som har ansvar for opplæringstilbodet ved Sykehusskolen, som er ei avdeling av Nordahl Grieg videregående skole.​

Barna kan få undervisning på sengeposten når dei treng å halde seg på sitt eige rom. Lærarane vil tilpasse skolearbeidet til elevane si dagsform og plan for behandling. Det blir lagt mest vekt på fag som norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag, natur og miljø, i tillegg til forming og musikk. Skolen prøver å gi barna ein variert skoledag.

 

Kontaktinformasjon

​Sykehusskolen ved Haukeland universitetssjukehus held til i 3. etasje av blokk fire i Barne- og ungdomssjukehuset. Adressa er Haukelandsbakken 15.

Telefon 55 97 44 82

Følg Sykehusskolen på Facebook

​Målsetting

Vi ønskjer å legge til rette for at elevar kan oppretthalde/heve kunnskapsnivået i fag, slik at det blir lettare å komme tilbake til den vanlege skolen etter sjukehusopphaldet. Vi ønskjer òg å bidra til at elevane i størst mogleg grad skal oppretthalde sjølvkjensle og motivasjon for vidare skolegang.

Opplæring som blir gitt

Fagtilbodet kan variere mellom skolestadane ved Sykehusskolen. Vi har ofte ei kreativ tilnærming til faga.

  • ​Skolen sitt hovudfokus er basisfaga norsk, matematikk og engelsk.
  • Vi gir opplæring innanfor dei fleste faga på grunnskolenivå.
  • Vi gir opplæring i dei fleste teoretiske faga på vidaregåande skole, men i praksis er det avgrensa kva som er mogleg å gå til innan ulike programområde.
  • Det blir gitt spesialpedagogisk hjelp til barnehagebarn som har vedtak om dette.

På Sykehusskolen

  • ​​Skolen er for elevar i grunnskole, vidaregåande skole og vaksne som har rett til opplæring.
  • Avdelinga/posten melder frå til skolen at du skal ha opplæring/spesialpedagogisk hjelp.
  • Du kan få tilbod om opplæring når du er klar for læring. Dersom du ikkje kan komme til skolen, blir det vurdert om læreren kan komme til deg på rommet ditt.
  • Vi kan kontakte heimeskolen og be om informasjon og planar, etter fullmakt fra føresette, for pasientar under 18 år.
  • Vi avtaler med deg og kontaktlæraren din kva du skal prioritere å jobbe med medan du er pasient. Lærarane og Sykehusskolen har teieplikt.
  • Dersom du mottar spesialundervisning ved heimeskolen, må Sykehusskolen få informasjon og gjerne kopi av viktige dokument.
  • Ta gjerne med eigne skolesaker, bøker og digitale læremiddel.

Det er avdelinga ved sjukehuset sitt ansvar å informere skolen om at barnet er på sjukehuset.    

Meldeskjemaet blir fylt ut av avdelinga ved sjukehuset og sendt til skolen (pdf)​.​

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa

I følge Opplæringslova § 13-3 a er det: ”Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i helseinstitusjonar. Dette gjeld ogs​å opplæring spesielt organisert for vaksne , kap. 4a-4.”

​Meir om skoletilbodet på Nordahl Grieg videregående skole sine nettsider

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.