Sosionom ved Barne- og ungdomsklinikken

På Barneklinikken kan ein få timeavtale med vår eigen sosionom. Sosionomen er tilgjengeleg både for dei som er innlagt og pasientar ved poliklinikken etter munnleg eller skriftleg avtale.

​Sosionomen gjev råd og rettleiing om: 

  • ​Trygd og hjelpetiltak ved noverande tilstand/sjukdom
  • Praktisk hjelp til utfylling av søknadsskjema, tilvising, opprette kontakt eller annan bistand i nærmiljøet
  • Støttesamtale med foreldre
  • Råd og rettleiing til personalet i konkrete pasientsaker
  • Undervising for pårørande og personalet