Pasientar og pårørande godt nøgde med Barne- og ungdomsklinikken

Fersk brukarundersøking viser at både pasientar og pårørande gjennomgåande opplever at dei blir behandla med høflegheit og respekt, og at dei får god behandling og omsorg ved klinikken.

Mor og datter snakker med helsesekretær i resepsjonen på barne- og ungdomsklinikken. Foto
 

​Undersøkinga blei gjennomført i mottak, på poliklinikk/dagpost og sengepost. Totalt 124 pasientar i alderen 9-18 år og 198 pårørande har svart på undersøkinga.

"Veldig snille og bryr seg om meg"

Resultatet viser at fleirtalet av pasientar og pårørande opplever at dei tilsette kommuniserer godt, gir god omsorg og er fagleg dyktige.

Dei tilsette snakkar på ein forståeleg måte, dei er imøtekommande og hyggelege og dei inngir tryggleik. Leiketerapien og sjukehusklovnane får også gode tilbakemeldingar:

- Sjukepleiarane og hjelpepleiarane var veldig flinke med oppmuntring.

- Veldig hyggeleg sekretær i resepsjonen.

Pasientar på poliklinikk / dagpost

Barnelege på kontor. Foto

Eg fekk gode svar på bekymringane mine, legen var veldig imøtekommande.

Pårørande på poliklinikk / dagpost

Gutt på undersøkelsesbenk sammen med sykepleier. Foto

- Vi er spesielt nøgde med ivaretaking, opplæring og kunnskapsnivået på dei tilsette.

- Fantastiske pleiarar. Tålmodige, snille og hjelpsame. Alt ordnar seg heile tida. Kjempeflinke med søsken på besøk. Fleksibel på kjøken / mat, og så masse gode tilbod: Leiketerapi, musikk, klovnar og skole. Vi er imponert og takksame.

Pårørande på sengepost
 

Jente får yoghurt av ansatt i spisestue. Foto

- Vi har utroleg mange dyktige og engasjerte medarbeidarar ved Barne- og ungdomsklinikken. Det er godt å sjå at nettopp dette blir reflektert i brukarundersøkinga, seier klinikkdirektør Britt Skadberg.

- Pasientar og pårørande føler seg trygge hos oss og opplever at dei blir godt ivaretekne. Dette er svært viktig for oss å vite.

Vil ha mindre venting og fast personell

Blant forholda som pasientar og pårørande ikkje er så nøgde med, er det særleg venting, forseinkingar og uklarheit rundt timar og førebuingar som blir trekt fram.

Nokon skulle gjerne sett at det for det mest var det same helsepersonellet dei skulle forholde seg til gjennom opphaldet, og nokon gir tilbakemelding om at det kan vere vanskeleg å finne fram.

- Vi hadde sett pris på informasjon ved ankomst om korleis opplegget ville vere, fellesrom til familierom etc. Informasjon om tilleggstilbod som er tilgjengelege: Fysioterapeut, psykolog osv. Ha faste pleiarar ville vore betre kontra mange forskjellige.

Pårørande på sengepost

- Vi forsøkjer så langt det er mogleg å ha stabilitet og kontinuitet i pasientbehandlinga. Dette gjeld både for legar og sjukepleiarar. Dessverre lykkast vi ikkje alltid med dette; først og framst på grunn av raske og uforutsette endringar i aktivitet. Dei sjukaste pasientane vil alltid ha førsteprioritet, forklarar Skadberg.

Lite opplysningar om kor vi skulle finne Marie Joys' hus då vi søkte på hovudtavla ved ankomsthallen på Haukeland.

Pårørande på sengepost

Ein del av forbetringsarbeidet

I brukarundersøkinga har klinikken fått mange gode, konstruktive og svært nyttige tilbakemeldingar og innspel.

- Vi skal gjennomgå desse nøye og tar med oss alle tilbakemeldingane frå brukarundersøkinga i vårt  interne forbetringsarbeid i Barne- og ungdomsklinikken, seier Skadberg.

- Brukarmedverknad er viktig og noko vi ønskar oss meir av. Form, hyppigheit og innhald diskuterast no i klinikken. Aller mest ønskar eg at brukarundersøkingar kan gjennomførast som ein kontinuerleg aktivitet innanfor rammen av vårt interne forbetringsprosjekt.

Brukarundersøkinga som er gjennomført ved Barne- og ungdomsklinikken er utarbeida av klinikkens organisasjonsutviklingsprosjekt med hjelp frå Seksjon for helsetenesteutvikling.