Gruppebilde barn. Foto

Barn på sjukehus

Opphald på sjukehus inneber små og store utfordringar, framande rutinar og møte med ukjent helsepersonell. Lengt etter resten av familien, venner og skule/ barnehage kan vere stor for dei som er lenge på sjukehus

At barnet har foreldre eller andre nærståande personar med seg som støttar dei, er avgjerande. Barnet må kanskje forhalde seg til smerter og ubehag, men som sjukehus prøver vi å legge til rette for at opphaldet skal vere litt meir enn berre sjukdom og behandling.

Barneprogrammet

Kultur kan vere meir enn tidsfordriv for pasientane. Kultur kan gi verdifulle bidrag i behandlinga.
Barneprogrammet ved Haukeland universitetssjukehus er etablert i eit samarbeid mellom GC Rieber Fondene, Grieg Foundation og Haukeland universitetssjukehus i tre år frå september 2011 til september 2014. Programmet finansierer sjukehusklovnane og ein musikkterapeut, og har ei årleg ramme på ein million kroner.

Det er stadig ønske om å utvide aktiviteten i Barneprogrammet, og andre givarar er velkomne til å bidra. I 2013 er Brødrene Langset AS inne i Barneprogrammet med ei gåve, noko som har gjort det mogleg med endå fleire klovnebesøk til barna på sjukehuset dette året.

Ønskjer du å gi eit bidrag eller vil vite meir om Barneprogrammet, kan du sende e-post til info@helse-bergen.no eller ringe tlf 55 97 60 00.   

Musikkterapi

I musikkterapien handlar det ofte om å fokusere på ressursane til kvart enkelt barn, trass i sjukehusopphaldet. Dette inneber at musikkterapitimane blir lagt til rette for kvar enkelt sin situasjon og behov, med tanke på både fokus, arbeidsformer og instrument.

Musikkterapi er ei ressursorientert terapiform. På Haukeland ligg hovudfokuset på å bruke musikk som kommunikasjon, og som ein annan måte å vere saman på i ein kvardag prega av sjukdom og behandling.​
Fokus og problemstillingar for musikkterapitimane kan mellom anna vere deltaking, meistring, anerkjenning, glede, smertemeistring, bearbeiding, tilknyting, relasjon, grunnleggande kommunikasjon, konsentrasjon, identitet og kroppsbevisstheit. 

Musikkterapitilbodet varierer frå individuelle timar på rom eller musikkrom, til planlagde eller improviserte grupper, og arbeidsformene for timane varierer då også ut frå dette. 

Eksempel på arbeidsformer er improvisasjon, song, samspel av preferansebasert musikk, lytting til musikk, bandsamspel og songskriving. 

​​Musikkterapi er ein del av Barneprogrammet på Haukeland med éin musikkterapeut i 100 prosent stilling.   

Pasientbiblioteket

Pasientbiblioteket på Haukeland tilbyr utlån av bøker, dvd og tidsskrift til pasientar og pårørande. Boktraller med eit utval frå biblioteket blir òg trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i tredje etasje i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Les meir om Pasientbiblioteket

Sjukehusklovnane  

Sykehusklovn med gutt. Foto

Vi får besøk av sjukehusklovnar på faste dagar, som går rundt til barna og bidrar til å gjere opphaldet deira på sjukehuset betre. Sjukehusklovnen har lang erfaring i denne type arbeid.   

Les meir om sjukehusklovnen på nettsida deira​​     

Sjukehusskolen  

Tre lærere ved sjukehusskolen. Foto

Skolen gir opplæring til barn og unge på grunn- og vidaregåande skolenivå. Undervisinga blir som regel gitt i klasserom.

Viss du må på sjukehus mens du går på skole, har du rett til opplæring også når du er innlagt. Hordaland fylkeskommune har ansvar for opplæringstilbodet ved Sjukehusskolen, som er ei avdeling av Nordahl Grieg vidaregåande skole.​

Les meir om sjukehusskolen