Tilvisingar til Augeavdelinga

Augeavdelinga tek først og fremst imot tilvisingar frå augeleger i avtalepraksis/privatpraksis og leger ved andre augeavdelingar. Ved øyeblikkelig hjelp vil alle legar kunne tilvise til Augeavdelinga.

​​For at seksjonsoverlegane skal kunne vurdere tilvisingane og planlegge utgreiing eller behandling, må dei vite ein del om pasienten. Tilvisingane skal difor innehalde opplysningar om følgjande:

  • ​​Tydelig overskrift som visar at det er ein tilvising
  • Pasientens namn, fullt fødselsnummer, korrekt adresse og telefonnummer
  • Legen sin id.nr og tydelige navn, samt eit telefonnummer legen direkte kan nås på
  • Tilvisingar frå anna sjukehusavdeling må innehalde Ansiennitetsdato og dato for Frist start helsehjelp
  • Diagnose
  • Kort sykehistorie, varighet
  • Undersøking av begge auge. Dette forutsetter vi er gjort av tilvisande lege 
  • Synsstyrke (inkludert refraksjon)/augetrykk
  • Andre sjukdomar av betyding for utgreiinga av pasienten, til dømes diabetes
  • For pasientar der det kan bli aktuelt med operasjon trenger vi opplysningar om andre sjukdomar. Dette gjeld særleg ved behov for narkose – hjartesjukdom, lungesjukdom, allergiar, mental status og allmenntilstand?. Kan pasienten til dømes gå opp ein etasje utan problem? Allmenntilstand kan avgjere om pasienten kan utgreiast poliklinisk, bo på pasienthotell eller treng innlegging. Opplys om særlige forhold som kan ha betyding for tilrettelegging av konsultasjon/innlegging (ulike funksjonsforstyrringar, bruk av rullestol etc). Er pasienten klar, orientert og kan samarbeide i forhold til undersøking og behandling?
  • Har pasienten vært i kontakt med sjukehus/lege i utlandet? MRSA-prøve må takast før pasienten kjem til avdelinga 
  • Behov for taxi av medisinske grunner
  • Behov for tolk, kva språk
  • Ved anna statsborgarskap enn norsk må dette nemnast

Liste over pasientens faste medisinar må leggast ved tilvisingen.

Tilvisingar vert vurdert etter kvart som dei vert mottekne. Skriftleg tilbakemelding til pasient og tilvisar vert som hovudregel gitt 10 virkedager frå tilvisingen er motteken. 

Frå 1.11.2015 har Augeavdelinga hatt 10 dagar til å vurdere og sakshandsame tilvisinga. Vi er difor stadig meir avhengig av eit godt samarbeid med tilvisande lege. Vi jobbar for at alle rettigheitspasientar skal få tildelt time ved vurderinga av tilvisinga.