Strengare kriterier for å følgje pasientar til behandling

Augeavdelinga har sett seg nøydd til å innføre strengare kriterier for å følgje pasientar til undersøking og behandling i avdelinga. 
Vi har stor aktivitet og ikkje nok plass i ekspedisjon og venteareal til å oppretthalde nødvendig avstand dersom mange skal ha med følgje. Vi ber derfor om at du kjem åleine til time om du ikkje er avhengig av å ha nokon med deg.

Det er sjølvsagt unntak for barn og dei med særskilde behov, men ingen får ha med meir enn éin pårørande/følgjeperson. Vi ber òg om at  du ikkje kjem lenge før tildelt time for å unngå unødvendig trengsel.

Du vil bli møtt av ein vektar ved inngangen som kontrollerer når du har time, og som ser til at det ikkje blir for mange  i ekspedisjonen samtidig.

Når du kjem til avdelinga, ber vi deg om å:
  • vise fram innkalling
  • sprite henda
  • ta på medbrakt munnbind 
Når du kjem inn i ekspedisjonen vil personalet spørje (screene) deg om du er frisk. (Om du har med deg følgje, skal begge svare på spørsmåla).

  • Dersom svaret er nei på alle spørsmål vil du kunne gå til timen din
  • Dersom svaret er ja på eitt eller fleire av spørsmåla, vil lege vurdere om timen kan utsetjast.  
  • Ved øyeblikkeleg hjelp skal alle få hjelp, men det må setjast i verk smitteverntiltak. 
Fann du det du leita etter?