Ny midlertidig inngang Augebygget

Augavdelinga har etablert ny midlertidig hovudinngang på langsida av bygget, og nye midlertidige venterom med ekspedisjon i lokale tilhøyrande Universitetet i Bergen.

Slik ser vegen til den nye inngangen ut: Foto: inngangsparti

Foto: Nytt midlertidig inngangsparti

Inngangen i tunnelen er også stengd for pasientar slik at alle pasientar no må bruke den nye midlertidige inngangen.

Når du møter opp, vil du bli registrert ved ein ny ekspedisjon. Utgang er same stad som før gjennom den tidlegare foajeen.

Parkering er same plass som tidlegare.

Pasientar som skal ha taxi kan bestille dette i den nye ekspedisjonen. Taxisjåfør kan ikkje gå inn og hente pasientar, så personell i ekspedisjon sørger for bistand ut til bilen for dei som treng det.

Tegning: Tegning av planløsning og inngang markert med pil

Tegning: Grøn pil viser den nye inngangen. Den grøne pilen for utgang viser kor ein går ut (dette er den tidlegare hovudinngangen).

Fann du det du leita etter?