Augeavdelinga sengepost

Sengeposten har 8 sengeplassar for pasientar med behov for innlegging, og disponerar også plassar ved Haukeland Hotell. Visitttida er kl 17-20 alle dagar.

Les meir om Augeavdelinga sengepost

Augeavdelinga sengepost

Både pasienter til operasjon og medisinsk utgreiing eller behandling er innlagd i sengeposten. Me klargjer deg til operasjon og fylgjer deg opp i etterkant av operasjonen.
 
Dagpasientar til infusjonsbehandling er også i sengeposten, itillegg til ein del dagkirugiske pasientar som vert klargjort i sengeposten og fulgt opp ei viss tid etter operasjonen før dei kan reisa heim.
 
Sengeposten har og akuttfunksjon døgnet gjennom for behandling av skader eller akutt augesjukdom.
 

Nokre born må undersøkast i narkose og er da innlagt i avdelinga. Barn vert alltid operert i narkose og er da innlagt saman med ein føresett. Ofte kan barnet og føresett reise heim i permisjon eller bu på pasienthotellet etter operasjonen, og møtar til kontroll i Augeavdelinga neste dag.

Vi har buffetservering til alle måltida:
Frokost kl 08-09
Lunsj     kl 12-13
Middag kl 16.30
Kvelds   kl 19-20

Kontakt

Telefon
55 97 41 00
Visittid: kl. 17.00-20.00

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
​​​​​​Skyss har eit eige linjekart for Haukeland (PDF) der du kan finne ut kva for bussar som går forbi sjukehuset. På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider.

​Busstoppa rundt Haukeland:

Nord for sjukehuset, sør for Haukeland​, Ibsensgate og Haukelandsveien.

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppen til sjukehuset. Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Flybuss

​Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. 

Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell. 

Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.

Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.

Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over. 

Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren. 

Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar

Parkering Augebygget

​Beklageleg er det avgrensa parkering utanfor avdelinga, men det finnast handicap-parkering der og det er mogeleg å sleppe nokon av. Parkeringsplassar finnast på Haukeland universitetssjukehus sitt hovudområde.  Det er viktig at du bereknar god tid, slik at du kan finne ein parkeringsplass før timen hos oss.

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Tolk

​Utgreiinga vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Visittid

Den vanlege visittida på sjukehuset er mellom kl. 17.00 og 20.00.
​​​​På dei aller fleste avdelingane kan pasientar ta i mot besøk også utanom visittida. Av omsyn til andre pasientar, er det fint om de går ut av rommet, for eksempel til ei av daglegstovene.
 
Om pasienten ikkje er frisk nok til å forlate rommet, vil vi gjerne at de avtalar besøk utanom vanleg visittid med personalet på avdelinga.​