Alle som skal til operasjon hjå oss, både dagpasientar og dei inneliggjande, vert klargjorte på Augeavdelinga sin sengepost med reint sjukehustøy, førebuande augedråpar og anna.
Ein operasjonssjukepleiar eller ein anestesisjukepleiar tek i mot pasienten her i avdelinga. Etter operasjonen blir alle pasientar ivaretekne på sengeposten.
Vi som arbeider her er opptekne av at du som pasient skal oppleva å vera i dei beste hender. Vi arbeider for kontinuerlig høg fagleg kvalitet og pasienttryggleik i eit triveleg miljø.