Ved eininga vert det utført inngrep på auget som grå stær (katarakt), på augelok- og tåreveg, ulik behandling av sjukdom i hornhinna og injeksjonsbehandling av blant anna aldersrelatert makula degenerasjon. Klargjering og oppfylging til dei ulike inngrepa skjer på eininga.

Ved eininga har vi tverrfagleg personale. I tillegg til sjukepleiarar, helsesekretærar og legar har vi også optikar, ortoptist og fotograf. Ortoptist undersøkjer vaksne og barn med skjele- og samsynsproblem, og driv også utgreiing av desse pasientane i forkant av kirurgi, i tett samarbeid med legar ved barneoftalmologisk seksjon.
Fotograf eller optikar tek bilete av alle deler av auget, og gjer også ein rekke fototekniske spesialutgreiingar i samband med førebuing, dokumentasjon og handsaming av pasientane.
Optikar har eit spesielt ansvar for tilpassing av ulike typar kontaktlinser.
Tilvisning
Du treng tilvising frå augespesialist, anna avdeling, optikar eller andre legar for å få time til undersøking og behandling hos oss. Du får tilsendt brev om time, gitt etter gjeldende retningslinjer for ventetid og prioritering.
Ekspedisjon i 1. etasje
Ved oppmøte henvender du deg i ekspedisjonen. Du oppgir her fastlege og eventuelt frikort. Etter behandlinga vil betjeninga i ekspedisjonen gi deg eventuelt ny time, rekning for behandlinga og bestille drosje etter rekvisisjon frå lege, eventuelt til sjølkost.
Venteareal
Venteareala på avdelinga er markert med ulike fargekodar. I 1. etasje raud og blå og i 2. etasje gul, grøn og svart. Du vil bli henta på tilvist venteareal. Vi gjer merksam på at fleire behandlarar nyttar same venteareal. Det er til tider mange pasientar og noe ventetid ved avdelinga.
Betaling
Pasientar må betale eigendel, etter gjeldande takstar og reglar for utgreiing og behandling ved Dagkirurgisk og Poliklinisk eining. Du kan betale med bankkort i ekspedisjonen, eller få med deg giro.
Operasjon
Har du fått time til dagkirurgisk operasjon, er det viktig at du les brevet om førebuing og klargjering før operasjonen. Brevet har du fått tilsend sammen med innkallingsbrevet.