Trening og rekreasjon for foresatte

Pårørande av barn og unge innlagd på sjukehuset er velkomne til ein pause i svømmehallen eller styrkerommet  på Energisenteret for barn og unge.

svømmehall


Tilgang til styrkerommet gis etter avtale alle kvardagar mellom kl. 08.00 og 22.00

Første gang du brukar treningsrommet vil du også få ein rask gjennomgang av treningsapparata. Ta kontakt med energisenteret@helse-bergen.no for å avtale gjennomgang og tidspunkt for første treningsøkt.
Deretter kan du henvende deg til resepsjonen på Energisenteret eller resepsjonen i 1.etg på Marie Joys hus for å avtale nye treningstidspunkt. Her får du også låne nøkkelkort som gjev deg tilgang til rommet.

Styrketreningsrommet har manualar, trekkapparat, beinpressmaskin, slynger, boksesekk og tredemølle.

Stad: Styrkerommet (rom 1306). Glasblokkene, etasje 1, blokk 3.

Smittevern i styrkerommet:

  • Det er kun pårørande som er reikna som nærkontakter av pasientar, og som er klarert for besøk på pasienten si avdeling, som kan nytte styrkerommet.
  • Sprit hender før og etter bruk av rommet, samt mellom apparat.
  • Sprit av alle flater etter bruk, inkludert lysbrytar og dørhandtak.
  • Det skal være maksimalt tre personar i rommet, og ein skal halde minst ein meter avstand til andre.
  • Sjukehuset og avdelinga di sine retningslinjer for smittevern skal følgast.
  • Ordensreglane i styrkerommet skal følgast.

Svømmehallen er reservert for næraste pårørande tysdagar i partallsveker kl 16.30 - 17.30.

Ingen påmelding. Ta med badetøy og handkle. Her er badevert til stades.
Energisenteret har to basseng, eit 25 meter langt treningsbasseng og eit terapibasseng på 12,5 meter.

Som pårørande kan du også få moglegheit til å bruke bassenget på dagtid mandag til fredag. 
Ta kontakt med Energisenteret (energisenteret@helse-bergen.no) for å avtale tid.  

Stad: Glasblokkene, etasje U1, blokk 3


 

Når og kor

Stad
Glasblokkene
  
Meir informasjon
energisenteret@helse-bergen.no.  
Fann du det du leita etter?