Tommy`s bordtennisskole

Fysisk aktivitet , Onsdagar frå 17:00 - 18:00 , Energisenteret for barn og unge

Har du lyst å prøve deg på bordtennis?

Alle barn og unge med funksjonsnedsetting er velkomne til Energisenteret for å spele bordtennis med Tommy Urhaug. Du treng ikkje vere god i bordtennis for å trene her. Meininga er at du skal få lære etter kvart og treninga blir tilpassa kvar enkelt. Vi som trenar i Energisenteret legg vekt på at vi skal ha det kjekt i lag og bli kjente med kvarandre.


Spille bordtennis

Kurset er gratis. Reisa til og frå Energisenteret må du stå for sjølv. Vi har utstyret som du treng, så det får du låne av oss. Treninga passar for alle mellom 7-18 år. Aldersgrenene er ikkje absolutt. Vi fleksible og det vil komme litt an på kor mange som melder seg på. 

Instruktørar
Tommy Urhaug er Paralympisk, Verdens og Europamester i Bordtennis
Trenarassistent: Brage Æsøy Titlestad 

Dersom det syner seg at du likar bordtennis kan vi også sette deg i kontakt med ein bordtennisklubb i ditt nærområde.
Har du spørsmål, er det berre til  å ta kontakt med Tommy på same e-post adresse.

Håpar å sjå deg på Energisenteret.




Når og kor

Tid
Onsdagar frå 17:00 - 18:00
Klokkeslett
 
Stad
Barne- og ungdomssjukehuset
  
Arrangør
Energisenteret for barn og unge
 
Kontakt
Påmelding  til Tommy Urhaug på e-post:  urha@online.no 
 
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.