The Norwegian Sea Health Conference 2018

Konferanse, 11.04.2018-12.04.2018, Norsk senter for maritim medisin

Beyond the Incident

Handtering av konsekvensane etter alvorle sjukdom, alvorleg personskade og større ulykker innan skipsfart og fiskeri.

Vi planlegg følgande sesjonar:

Onsdag 11. april

Sesjon 1

Handtering av samtidige utfordringar som følge av alvorleg medisinske utfordringar ombord

Sesjon 2

Utfordrande evakueringar

Sesjon 3

Havnehelseteneste og evaluering av lokal helseteneste

Sesjon 4

Når er det riktig og forsvarlie å sendast heim/repatrierast?

Sesjon 5

Paneldiskusjon: Konklusjonar og vegen vidare

Torsdag 12. april

Sesjon 6

Storulykke - Initiell handtering

Sesjon 7

Storulykke  - Handtering over tid

Sesjon 8

Ansvar og avgrensingar for dei involverte aktørane

Sesjon 9

Paneldiskusjon: Identifiserte "gap" og vegen vidare

Detaljert program med forelesarar vil bli lagt inn så snart det er ferdig.

 

Når og kor

Dato
11.04.2018-12.04.2018 
Klokkeslett
08:00-17:00 
Stad
Radisson Blu Royal Hotel Bryggen i Bergen
 
Arrangør
Norsk senter for maritim medisin
 
Kontakt
Spørsmål kan rettast til Anne Gurd Lindrup: aeup@helse-bergen.no
 
Meir informasjon
Påmelding til konferansen  

bryggen i bergen. foto

I dei historiske omgivnadane på Bryggen i Bergen med sine forbindelsar til Hanseatanes handel og skipsfarten gjennom alle tider, inviterer vi igjen til å samlast for å konsentrere oss om helse, sikkerheit og trivsel for sjøfolk og fiskarar.

Norwegian Sea Health Conference 2018 "BEYOND THE INCIDENT" vil fokusere på dei mange aspekta som er nødvendig å ivareta for optimalt å kunne handtere ein maritim medisinsk nødsituasjon. Vi vil også inkludere handteringa av større maritime hendingar og sjå langt forbi den initiale medisinske behandlinga og ein eventuell evakuering.

Den første dagen vil vi konsentrere oss om dei mange utfordringane som møter oss når vi skal handtere alvorleg sjukdom eller skade hos ein enkelt sjømann eller fiskar. Vi vil sjå på kor viktig det er å planlegge for slike situasjonar, utfordringane relatert til evakuering og deviasjon, korleis vi kan optimalisere lokal behandling på land og korleis ein forsvarleg heimreise/repatriering skal kunne gjennomførast.

Den andre dagen vil bli brukt til å sjå på nokon av dei mange utfordringane som vi står over for når mange personar rammast av ein storulykke eller ein sjukdomsepidemi. Vi vil fokusere på risikoanalyse og risikohandtering, rollefordeling og ansvar på alle nivå samt på langtidseffektane og konsekvensane for alle involverte.

Konferansen rettar seg mot alle som er involvert i operasjonell planlegging og krisehandtering innanfor shipping og fiskeri, medisinsk personell og andre som har ansvar for helsesertifisering av sjømenn og fiskarar, dei som er involvert i behandling av sjuke og skadde ombord, representantar for redningstenester og redningskoordinering, sjømannsorganisasjonar, fiskerorganisasjonar, arbeidsgiverorganisasjonar og maritime myndigheitar. 

Konferansespråket vil vere engelsk.