TERMA grunnkurs september 2018

Kurs , 05.09.2018-06.09.2018 , Habiliteringsavdelinga for vaksne

TERMA står for Terapeutisk Mestring av Vald og Aggresjon.
Habiliteringsavdelinga for vaksne arrangerer TERMA grunnkurs i Bergen. Dette kurset er opent for påmelding av enkeltpersonar eller ein kan være fleire frå same arbeidsplass.

TERMA har blitt utvikla gjennom mange år i Klinikk for sikkerheitspsykiatri i Helse Bergen. Helse Bergen har valt TERMA som standardopplæring og kurset er blitt tilpassa fleire pasientgrupper. Habiliteringsavdelinga for vaksne har tilpassa kurset for arbeid med menneske med utviklingshemming med ulik tilleggsproblematikk og atferd som utfordrer.

TERMA er ei tilnærming som gir både teoretisk og praktisk kunnskap om faktorar som kan utløyse aggressiv åtferd og bruk av ulike strategiar for å møte aggresjon på en terapeutisk måte. Fokus er i stor grad retta mot tenesteytarar som vil auka medvit om eiga rolle i situasjonar som utviklar seg i aggressiv retning og utviklar kompetanse på dempande kommunikasjon og førebygging, samt ulike strategiar for å møte aggresjon på en terapeutisk måte.
Gjennomgang av aktuell teori og praktisk trening på aktuelle situasjonar vil gje tenesteytarar strategiar å arbeide ut ifrå når aggressive episodar oppstår. Dette vil kunne redusere risiko for skade på tenesteytar og –mottakar.

Målgruppe

Tenesteytarar til ungdom og vaksne med utviklingshemming og/eller utviklingsforstyrringar.

Tid

5. og 6. september 2018 - kl. 8.30 – 15.00

Teori

1. Aggresjonsteori
2. Førebygging og kommunikasjon
3. Grensesettande tiltak
4. Regulering og begrensing i fht. bruk av tvang og makt
5. Samhandling
6. Fysiske intervensjonar
7. Risikovurdering
8. Oppfølging etter aggressive episodar

Fysiske teknikkar

Modul 1 – Unnviking, dytting/slag/spark
Modul 2 – Frigjeringsteknikkar, handleddsgrep/klestak/lugging/tak rundt armar/strupetak
Modul 3 – Halding/føring/ halding sittande/liggande

Kursansvarlige

Fagkonsulent/vernepleiar Fredrik Fahlstrøm
Fagkonsulent/vernepleiar Johanna Eide
Fagkonsulent/vernepleiar Helene Rosvoll

Antall

Maks 20 deltakarar

Pris

Inkl. kurshefter, frukt, kaffe/te og lunsj: kr. 2.300 pr. deltakar

Påmelding

Bindande påmelding ved å fylle ut dette påmeldingsskjemaet
  1. Bindande påmelding på deltager.no. Ein må betale deltakaravgifta ved påmelding (bankkort, kredittkort eller VIPPS). Dersom arbeidsgjevar skal refundere utgiftene, leverer ein kvitteringa vidare til arbeidsgjevar.
  2. Dersom det er 5 eller fleire deltakarar frå same kostnadsstad, er det mogleg å sende faktura til arbeidsgjevar. Fyll i så fall ut vedlagte påmeldingsskjema og send til postmottak.habilitering@helse-bergen.no  

Praktisk informasjon

Det er ønskeleg med klede/sko tilpassa fysisk trening.
Vi tilrår bruk av kollektiv transport – godt busstilbod.
Sjå vedlagte informasjonsskriv.

 
 
Sjå oversikt over alle våre bestillingskurs

Når og kor

Dato
05.09.2018-06.09.2018 
Klokkeslett
08:30-15:00
Stad
Dr. Martens, Sandviken
Kurset er lagt til Habiliteringsavdelinga for vaksne sine nye lokalar i Sandviken.
Adresse: Dr. Martens – Bygg 16, Hatleveien 7 D, Bergen.
 
Arrangør
Habiliteringsavdelinga for vaksne
 
Kontakt
postmottak.habilitering@helse-bergen.no 
Kontaktperson: Marianne Nielsen,
Tlf. 55 53 50 00
 
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.