TERMA - grunnkurs

Kurs, Bestillingskurs, Habiliteringsavdelinga for vaksne

TERMA står for Terapeutisk Mestring av Vald og Aggresjon. Habiliteringsavdelinga for vaksne tilbyr TERMA grunnkurs som bestillingskurs.

TERMA er ei tilnærming som gir både teoretisk og praktisk kunnskap om faktorar som kan utløyse aggressiv åtferd og bruk av ulike strategiar for å møte aggresjon på en terapeutisk måte.

TERMA har blitt utvikla gjennom mange år i Klinikk for sikkerheitspsykiatri i Helse Bergen. Helse Bergen har valt TERMA som standardopplæring og kurset er blitt tilpassa fleire pasientgrupper. Habiliteringsavdelinga for vaksne har utdanna 4 TERMA-instruktørar som har tilpassa kurset for arbeid med menneske med utviklingshemming og ulik tilleggsproblematikk.

Fokus er i stor grad retta mot tenesteytarar som vil auka medvit om eiga rolle i situasjonar som utviklar seg i aggressiv retning. Dette inneber at den enkelte utviklar kompetanse på dempande kommunikasjon og førebygging, samt ulike strategiar for å møte aggresjon på en terapeutisk måte.

Gjennomgang av aktuell teori og praktisk trening på aktuelle situasjonar vil gje tenestytarar modellar å arbeide ut ifrå når aggressive episodar oppstår. Dette vil kunne redusere risiko for skade på tenesteytar og –mottakar.

Målgruppe

Tenesteytarar til ungdom og vaksne med utviklingshemming og/eller utviklingsforstyrringar.

Varighet

2 dagar – 14 timer

Teori

1. Aggresjonsteori
2. Førebygging og kommunikasjon
3. Grensesettande tiltak
4. Regulering og begrensing i fht. bruk av tvang og makt
5. Samhandling
6. Fysiske intervensjonar
7. Risikovurdering
8. Oppfølging etter aggressive episodar


Fysiske teknikkar

Modul 1 – Unnviking, dytting/slag/spark
Modul 2 – Frigjeringsteknikkar, handleddsgrep/klestak/lugging/tak rundt armar/strupetak
Modul 3 – halding/føring/ halding sittande/liggande

Kursansvarlige

Fagkonsulent/vernepleiar Randi Kjernlie
Fagkonsulent/vernepleiar Fredrik Fahlstrøm
Fagkonsulent/vernepleiar Johanna Eide
Fagkonsulent/vernepleiar Helene Rosvoll

Antall

Kurset er eigna for maks. 15 deltakarar

Pris

Pris for fagleg innhald inkl. kurshefter: kr. 22.000.

Praktisk informasjon

Lokal arrangør/bestillar har ansvar for praktisk tilrettelegging av kurset (kurslokalar, påmelding, kaffi/te og lunsj).
Det er behov for god plass i lokala, slik at det er plass til øving på fysiske teknikkar.

Når og kor

Tid
Bestillingskurs
Arrangør
Habiliteringsavdelinga for vaksne
 
Kontakt
Førespurnad om bestillingskurs kan sendast til: postmottak.habilitering@helse-bergen.no 

Kontaktperson: Marianne Nielsen,
Tlf. 55 53 50 10/55 53 50 00