TekPRAT-VR og AR

Fagseminar , 2. oktober kl 12:00 til 15:00 , Forskings- og utviklingsavdelinga

Haukeland universitetssjukehus arrangerer, saman med Bergen Teknologioverføring og Helse Vest IKT, nytt TekPRAT seminar der temaet er VR og AR.

illustrasjonsbilde tekprat 2.jpg

VR og AR er blant topp 10 trendane for 2017, i følge dei største trendanalytikarane. Teknologien, som vi har sett i bruk i fleire år, ser ut til å ha møtt eit nytt modningsnivå. Stadig oftare ser vi VR/AR- applikasjonar innanfor kommersiell og offentleg sektor.

I dette seminaret ønskjer vi å vise breidda i bruksområde og presentere eit utval frå mindre forskingsprosjekt til større VR/AR- løysingar frå kommersielle aktørar.

Helse Bergen arrangerte TekPRAT fyrste gong juni 2017. Tema var Chatbot og vår medarrangør Bergen Teknologioverføring - BTO, avslutta dagen med ein tverrfaglig paneldebatt.

Tilbakemeldingane har vore svært positive og derfor set vi no opp ein ny Tekprat, denne gong med VR og AR som tema. Saman med våre medarrangører Helse Vest IKT og Bergen Teknologioverføring, inviterer vi alle interesserte til ein hyggeleg og uformell Tekprat!

Føremålet er å bygge kompetanse gjennom å utveksle kunnskap og erfaringar samt diskutere aktuelle bruksområde. Tekprat 02 er også med i Innovasjonsuken OPP.

Gå til påmelding

Arrangør logoer. Grafisk illustrasjon

Når og kor

Tid
2. oktober kl 12:00 til 15:00
Klokkeslett
 
Stad
Bikuben kurs- og konferansesenter
Storstuen
 
Arrangør
Forskings- og utviklingsavdelinga
BTO, Helse Vest IKT 
Innlegg frå
Making Views, EON Reality, NCE Media Bergen og Forskningsprosjekter fra UIB/HVL/Helse-Bergen 
Kontakt
Spesialrådgivar Synnøve Olset: synnove.olset@helse-bergen.no
 
Meir informasjon
Sjå arrangementet på Facebook  

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.