Spiseforstyrringar - Pårørandeseminar

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende, 10.11.2017, Spiseforstyrringar

Velkommen til seminar med informasjon og samtalar om spiseforstyrringar. Seminaret rettar seg til foreldrer, søsken eller andre nærståande til personar med ei spiseforstyrring.

Vi veit at det å jobbe seg ut av ei spiseforstyrring er ein tøff  prosess som ofte tar lang tid. Pårørande vil gjerne støtte, men er ofte usikre på korleis dei skal forhalde seg og kunne vere til hjelp.

Sidan 1999 har brukarorganisasjonen ROS og Avdeling spiseforstyrringar ved Haukeland universitetssjukehus arrangert seminar for pårørande.

Alle spørsmål og innlegg under seminaret må vere formulert på eit generelt grunnlag, unngå spørsmål knytta til ein bestemt person. For spørsmål av privat karakter viser vi til dei respektive behandlarar og institusjonar.

Seminaret er gratis.

Program

Kl. 09.00
Velkomst og informasjon om dagen

Kl. 09.10
Kva slags funksjon har ei spiseforstyrring? v/ psykolog Asle Halvorsen, Avdeling spiseforstyrringar

Kl. 10.00
Pause

Kl. 10.15
Kva slags funksjon har ein spiseforstyrring? Del 2. Psykolog Asle Halvorsen fortset.

Kl. 11.00
Lunsj i kontorlokala

Kl. 12.00
Kva skjer med kroppen ved spiseforstyrringar? Medisinske forandringar v/ overlege Stein Frostad, Avdeling spiseforstyrringar.

Kl. 13.30
Pause

Kl. 13.45-15.30
Samtale i mindre grupper
- Presentasjon av ROS Sentere for spiseforstyrrelser i Hordaland v/ rådgivarar Jorunn Gjerken og Line Orvedal
- Møte med personar med eigenerfaring
- Motivasjon til forandring, kva kan pårørande gjere?

Påmelding til

ROS Senter for spiseforstyrrelser i Hordaland
Telefon 957 08 692 eller e-post bergen@nettros.no

Avdeling spiseforstyrringar, Haukeland universitetssjukehus
Telefon 55 97 68 20

Når og kor

Dato
10.11.2017 
Klokkeslett
09:00-15:30 
Stad
Lærings- og meistringssenteret
Buss: 2, 3, 12, 21, 28, 80, 403 stoppar rett utanfor på Årstadveien.
Parkering mot avgift ved Haraldsplass Diakonale Sykehus.
 
Arrangør
Spiseforstyrringar