Sminkekurs

Kurs , 15.11.2016 , Kreftsenter for opplæring og rehabilitering, Kreftbehandling og medisinsk fysikk

I samarbeid med organisasjonen Look Good...Feel Better arrangerast det sminkekurs for kvinner som er under cellegiftbehandling. Påmelding startar 3. oktober.

Det vil bli gitt innføring i hudpleie og legging av sminke med produkt frå anerkjente kosmetikkleverandørar. Undervisning og rettleiing blir gitt av profesjonelle konsulentar, og deltakarane skal lære å sminke seg sjølv.

Kurset er gratis, og det er plass til 12 deltakarar.

 

Påmelding

Ta kontakt med Kreftsenter for opplæring og rehabilitering på telefon 55 97 74 77.

Når og kor

Dato
15.11.2016 
Klokkeslett
13:00-15:00 
Stad
Parkbygget
Kreftsenter for opplæring og rehabilitering, Kreftavdelinga
 
Arrangør
Kreftsenter for opplæring og rehabilitering KOR, Kreftbehandling og medisinsk fysikk
 

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.