Rock é rus

Kulturtilbud , 10.04.2019 , Rusmedisin

I anledning 10 års-jubileet til Avdeling for rusmedisin blir det arrangert konsert på utestaden Underlig i Bergen sentrum 10. april. Velkommen til ei feiring av musikken!

På konserten "Rock é rus" vil brukarar av musikkterapitilbod/musikktilbod ved Avdeling for rusmedisin og samarbeidspartnarar få anledning til å vise fram noko av det musikalske arbeidet sitt på ein offentleg arena, open for alle.

Konserten vil finne stad 10. april kl.19.00-22.00 på "Underlig" i Bergen sentrum.


«Rock é rus» er ein konsert som kan gi assosiasjoner til korleis musikk kan vere både verknadsfull og ha sterk påverknadskraft på oss som menneske.
Det er duka for ein kveld kor musikken er i fokus som fellesnemnar.
Du vil få høyre ei rekkje innslag av ulike band, med varierte musikalske uttrykk og framtoning.
Innslaga består av ulike drops, av både sjølvskrevne låtar og cover-låtar.

Kveldens hovudartist er Bjørn Tomren, som er både jodlar, strupesongar, visesongar, komikar og komponist.

Andre band på konserten er

Hvelvet,
et band som spiller rock n`roll med Sandviken-dialekt. Bandet ble dannet i Fana sparebanks gamle bankhvelv på Wergeland.
Mathias Treeck
en bergensk singer/songwriter med nerve, sjel og et spennende tekstunivers.
Ian Gundersen,
rapper og pønkete poet med sterke, filosofiske og morsomme tekster om livet.

Arrangementet er gratis.

Aldersgrense: 20 år

Arrangør: Avdeling for rusmedisin

Når og kor

Dato
10.04.2019 
Klokkeslett
19:00-22:00
Stad
Utestaden Underlig, Valkendorfsgaten Bergen sentrum
 
Arrangør
Rusmedisin - AFR
 
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.