Psykiske lidingar hos vaksne med utviklingshemming

Kurs og kompetanseutvikling for helsepersonell, Bestillingskurs, Habiliteringsavdelinga for vaksne

Personar med utviklingshemming er meir utset for å utvikle psykiske lidingar enn resten av befolkninga.

Forsking indikerer at personar med utviklingshemming har fleire gongar så høg risiko for å utvikle alle vanlege former for psykiske lidingar som angst, depresjonar, psykosar og tvangslidingar.

Til tross for dette er personar med utviklingshemming underrepresentert når det gjeld utgreiing, behandling, forsking og fagmerksemd i forhold til sine psykiske vanskar.

Kurset vil gjennomgå vanlege symptom på psykisk liding hos vaksne med utviklingshemming, samt behandling i form av miljøterapi og medikamentell behandling.

Innhald

  • Om affektive lidingar – depresjon og mani
  • Angst / PTSD
  • Tvangslidingar
  • Psykose
  • Behandling og miljøtilrettelegging
  • Medisinering

Målgruppe

Fagpersonar med 3-årig helse- og sosialfagleg utdanning. Kurset er eigna for grupper på 20-60 deltakarar.

Varigheit

Kl. 08.30-15.00

Kurshaldarar

Ingfrid Oppistov Lien, psykologspesialist
Jack Schjelderup, overlege og spesialist i nevrologi
Johanna Eide, fagkonsulent og vernepleiar

Pris

Fagleg innhald kr 13000,-
I tillegg er det mogleg å bestille kurshefte frå trykkeri. Pris kr 100,- per deltakar.

Praktisk informasjon

Lokal arrangør / bestillar har ansvar for praktisk tilrettelegging av kurset (kurslokale, påmelding, kaffi / te og lunsj).

Kursbevis

Deltakarane vil få kursbevis. Kurset er godkjend av Norsk Ergoterapeutforbund med 6 timar som spesialistspesifikt kurs meritterande til ergoterapispesialist innan Allmennhelse og Psykisk helse. Kurset er godkjend av NSF som meritterande for godkjenning til klinisk spesialist i sjukepleie / spesialsjukepleie med totalt 6 timar.

Program

08.30-09.00 Intro
09.00-10.15 Angst
10.15-10.30 Pause
10.30-11.45 Tvangslidelse
11.45-12.30 Lunsj
12.30-13.15 Depresjon og bipolar lidelse
13.15-13.25 Pause
13.25-14.10 Psykose
14.10-14.20 Pause
14.20-15.00 Medikamentell behandling, evaluering, avslutning

Arrangør

Habiliteringsavdelinga for vaksne ved Haukeland universitetssjukehus

Kontakt

Førespurnad om bestillingskurs kan sendast til postmottak.habilitering@helse-bergen.no


Tilbake til Kursoversikt - bestillingskurs

Når og kor

Tid
Bestillingskurs
Arrangør
Habiliteringsavdelinga for vaksne
 
Kontakt
Kontaktperson Marianne Nielsen
Telefon 55 53 50 10 / 55 53 50 00