Aktiviteten er for ungdom i alderen ca 13-18 år. Så lenge ungdommen sjølv føler dei passer inn er det ikkje så viktig om dei er 12 eller 20 år.
Tilbodet er lagt for ungdommar med psykisk sjukdom, dei som opplev einsemd eller å falle utanfor anna idrettstilbod, samt deira vener og pårørende. På våre treningar er alle velkommen og treninga er open for alle ungdommar som ønsker ein aktivitet på ettermiddagen. Det er fullt lov å invitere med seg vener og familie på trening!
Aktivitetane varierar og kan for eksempel være ballspel, frileik, organisert idrett eller klatring i klatrevegg. Trenarane er trygge og fleksible voksne som tilpassar kvar trening utfrå deltakarane som kjem med fokus på meistring, leik og morro.
Aktiviteten er gratis. Påmelding foregår via lenke på facebooksiden eller ved å sende sms/ringe. Sjekk også Facebooksiden for når det er trening.