Porfyrikurs for PCT november 2016

Kurs, 07.11.2016-08.11.2016, Nasjonalt kompetansesenter for porfyrisykdommer

Kurset er for personar med porphyria cutanea tarda (PCT) og deira pårørande.

Målsetting

Kurset vil ha fokus på det å leve med PCT og tar for seg tema som arv, årsak, symptomer, behandling, forebygging, genetisk rettleiing og testing .

  • Kunnskap skal auke tryggleik og meistring i kvardagen 
  • Høve til dialog med ulike fagpersonar
  • Møte andre i same situasjon

Påmelding 

Invitasjoner blir sendt ut i august til personer med diagnosen PCT som er registrert ved NAPOS. Dersom du ikkje mottek ein invitasjon men ynskjer å gå på kurs så ta kontakt med NAPOS på tlf. 55 97 31 70. Påmeldingsskjemaet er i år elektronisk. Du finn lenke til påmeldingsskjemaet på invitasjonsbrevet.

Max 100  deltakarar.   

Påmeldingsfrist 03.10.2016   

Når og kor

Dato
07.11.2016-08.11.2016 
Klokkeslett
11:00-14:30 
Stad
Thon Hotel Bergen Airport, Bergen
 
Arrangør
Nasjonalt kompetansesenter for porfyrisykdommer - NAPOS
Kurset er utvikla av Nasjonalt kompetansesenter for porfyrisykdommer NAPOS i samarbeid med Norsk porfyriforening (NPF).