HELSENORGE

Parkinsons sjukdom oppdateringskurs

Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til meistring i kvardagen.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Påmelding 

For å delta på kurset treng du tilvising frå lege. Meld frå om spesielle behov. Pårørande blir oppfordra til å delta. Dersom du har behov for følgeperson skal dette stå i tilvisinga.


Tilvising til lærings- og meistringskurs (pdf) 
 
Tilvising sendast til: 

Helse Bergen HF
v/Dokumentasjonsavdelinga v/skanning
Postboks 1400
5021 Bergen

Gruppebasert opplæringstilbod.



 

Målgruppe

Kurset er for deg som har levd med Parkinsons sjukdom over tid og dine pårørande. 

Kostnader

Eigendel etter gjeldande takstar. Gratis ved frikort, og gratis for pårørande. Avbestilling seinast 24 timar før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset krevje eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort.

Servering 

Kaffi, te og ein enkel lunsj er inkludert.

Påmelding 

Du må ha tilvising frå eigen lege. Hugs å melde frå om spesielle behov. Påmeldingsfrist er 14 dager før kursstart. Du får skriftleg bekreftelse om plass.

Innlegg ved

Lege, sjukepleiar, sosionom og brukarrepresentant.

Presentasjonar

Parkering

Det er parkering mot betaling i Ulriksdal Helsepark og i parkerinsanlegga like over gata for Ulriksdal Helsepark og ved Haraldsplass Diakonale Sykehus.

Fann du det du leita etter?