Påmelding
De som allereie blir følgde opp på Senter for Søvnmedisin, kan ta direkte kontakt med senteret for påmelding.
De som ikkje blir følgde opp på Senter for Søvnmedisin og vil delta på kurset, treng tilvising frå lege. Meld frå om spesielle behov. Pårørande blir oppfordra til å delta. Ved behov for ledsagar skal dette stå i tilvisinga.
Tilvisning sendast til;
Helse Bergen HF
v/Dokumentasjonsavdelinga v/skanning
5021 Bergen
Merk konvolutten med namn på kurset.
Tilvising gjeld som påmelding. Du vil få stadfesting på tildelt plass. Det er eit vilkår at det er tilstrekkeleg tal påmeldte for at kurset blir gjennomført.