Open hall 25. mai

, 25.05.2019 , Energisenteret for barn og unge

Laurdag 25. mai ønskjer vi barn og unge med cerebral parece hjarteleg velkomen til Open hall. Kanskje du har lyst å svømme eller prøve racerrunning, eller begge delar?
open hall

Racerrunning

Program for barn og unge opp til 18 år.


12:00-12:15    Velkommen, praktisk informasjon


12:15-13:30    Aktivitet i hall 


13:30-14:30  Aktivitet i basseng


Først blir det ulike aktivitetar i idrettshallen og dei som vil kan få prøve seg i klatreveggen og racerrunning .  I bassenget blir det moglegheit for å trene på stup for dei som vil. Treng du hjelp må du ta med deg ein ledsager (hugs badetøy). 

Open hall er gratis, men det er fint om du sender ei påmelding slik at vi kan planlegge og ha utstyr til alle. Du kan gjerne ta med deg ein ven, eit familiemedlem eller ein ledsager.

Formålet er å komme i kontakt med barn og unge som ikkje er organisert innan idrett og gi dei moglegheit til prøve seg litt fram på ulike aktivitetar. Open hall er eit  lågterskeltilbod som blir arrangert av Energisenteret for barn og unge i samarbeid med paraidretten. Tilboda innan paraidrett er mange og vil variere litt frå gong til gong.

Når og kor

Dato
25.05.2019 
Klokkeslett
12:00-14:30
Stad
Glasblokkene
Energisenteret for barn- og unge. Barne- og ungdomssjukehuset
 
Arrangør
Energisenteret for barn og unge
I samarbeid med Cerebral Parese-foreningen i Hordaland og Sogn og Fjordane 
Kontakt
Spørsmål ? 
Ta kontakt med fagkonsulent i Hordaland idrettskrets, Christian Jensen på telefon: 414 60 184 eller e-post: Christian.Jensen@idrettsforbundet.no  
 
Meir informasjon
Påmelding  
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.