Open dag på Kysthospitalet i Hagevik

Aktivitet , 22.09.2018 , Kysthospitalet i Hagevik

Kysthospitalet i Hagevik blei offisielt opna 24. august i 1893, og fyller 125 år i 2018. Dette blir feira på ulike vis gjennom 2018.

Laurdag 22. september kl. 12.00-15.00 held Kysthospitalet i Hagevik opent hus.

Dei ulike faggruppen vil vere til stades på sine avdelingar, og det vil vere mogleg både å lære meir om kva dei gjer, kva som krevst av utdanning, og korleis vi undersøkjer og behandlar pasientane våre.

Det blir også mogleg å gå sjå operasjonsavdelinga og ei operasjonsstove frå innsida (utan å bli operert sjølvsagt!).

Kantina vil vere open for dei som ønskar å kjøpe mat eller drikke.

Når og kor

Dato
22.09.2018 
Klokkeslett
12:00-15:00
Stad
Kysthospitalet i Hagevik
  
Arrangør
Kysthospitalet i Hagevik
 

Litt om Kysthospitalet si historie

Sjukehuset starta som eit sjukehus for pasientar (primært barn) med tuberkolose i musklar og ledd. Etter kvart som det kom effektiv behandling mot tuberkulose på 1940-talet, gjekk sjukehuset meir og meir over til planlagte operasjonar i musklar og skjelett (ortopedisk kirurgi).

Sjukehuset er i dag eit av dei største i landet på proteseoperasjonar i kne og hofte og operasjonar i ryggen. I tillegg behandlast ulike lidingar i skulder, olboge, hand, bekken, hofte, kne, ankel og fot.

Arkivbilde - eksteriør Kysthospitalet. Foto

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.