HELSENORGE

Open dag for samarbeidspartnarar i Glasblokkene

Til hausten opnar Glasblokkene – vårt nye sjukehus for barn, unge og kvinner. Vi ønsker våre samarbeidspartnarar i kommunane velkommen til open dag i nybygget.
I slutten av oktober flytter heile Barne- og ungdomsklinikken inn saman med dei kirurgiske poliklinikkane for barn og unge, radiologiske tenester og blodprøvetaking. Då vil det meste av aktiviteten for barn og unge på Haukelandsområdet vere samla i det nye sjukehuset. Palliativ sengepost kjem også inn, og 7. november flyttar Kvinneklinikken inn i Glasblokkene. 

Velkommen til open dag 12. September  

Vi vil gjerne invitere våre viktige samarbeidspartnarar i kommunane til open dag i nybygget. Vi ønskjer jordmødrer og fastlegar, tilsette og leiarar ved helsestasjonar og legevakter, skule, barnevern og andre tenester velkommen.  

  • Tid: 12. September klokka 10.00 – 18.00 
  • Sted: Glasblokkene 5-8, Haukelandsbakken.  

Oppmøte ved hovudinngangen til Glasblokkene 5-8. Parkering i Sentralblokka, nytt gjerne kollektiv. 

De vil få omvising i bygget, og informasjon om helsetilbodet frå einingane som skal jobbe og ta i mot pasientar her. De bør regne minimum 1,5 timer til besøket i Glasblokkene. 

Heile dagen er avsett til inviterte samarbeidspartnarar. Det vert omvisingar kvar heile time.

Påmelding 

Glasblokkene har plass til mange, men vi treng likevel å vite om lag kor mange som kjem. Vi ønsker også å vite kven de er for å kunne planlegge besøket. Påmelding skjer via dette skjemaet: 

Påmeldingsfrist: 6. september.  

Open ettermiddag for tilsette, samarbeidspartnere og andre inviterte
I tillegg blir det open dag for befolkninga torsdag 14. September klokka 15.00 - 18.00. Tilsette i kommunane kan sjølvsagt komme også denne dagen. Her er det inga påmelding. 

Flyttesider med meir informasjon 

Vi har eigne nettsider der vi har samla all praktisk informasjon om Glasblokkene, flyttinga og dei teneste som skal inn her. Her finn de også kontaktinformasjon.  

Sidene vert oppdatert med all nødvendig informasjon før, under og etter oppstart i Glasblokkene.   

Glasblokkene_foto


Velkommen til Glasblokkene ! 


Fann du det du leita etter?