Offisiell opning av VR-rommet for barn og unge

, 23.01.2020, Energisenteret for barn og unge

Vi ønsker velkomen til offisiell opning av nye VR-rommet for barn og unge i Energisenteret
vr.PNG

Tidleg illustrasjon av VR-rommet for barn og unge

Gjennom innovasjonsmidler og gode vener har vi endeleg fått på plass ein heimstad for VR-basert aktivitet for born og unge med tilknytning til Haukeland Universitetssjukehus. Kom på opninga og få eit innblikk i nokre av tilboda som startar opp, og vær med å påverke korleis rommet skal verta brukt. Etter ei 30 minutters introduksjon i gymsalen trekk vi inn til VR-rommet og opnar for utforsking og utprøving av ulike tilbod!

Send gjerne ein e-post på lars.peder.vatshelle.bovim@helse-bergen.no dersom du/dykk planlegg å kome, så får vi ei viss oversikt over kor mange vi vert.

Vel møtt!

Når og kor

Dato
23.01.2020 
Klokkeslett
13:00-14:30
Stad
Glasblokkene
  
Arrangør
Energisenteret for barn og unge
 
Fann du det du leita etter?