HELSENORGE

Nyresvikt

Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til meistring i kvardagen.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Påmelding 

Du må ha tilvising frå eigen lege for å delta på kurset. 

Vér vennleg og meld frå om pårørande også deltar, og om spesielle behov. 
Pårørande treng ikkje eigen tilvising.

Tilvising sendast til;
Helse Bergen HF
v/Dokumentasjonsavdelinga v/skanning
5021 Bergen

Gruppebasert opplæringstilbod 

Målgruppe

Kurs for personar med nyresvikt og deira pårørande.

Kostnadar

Eigendel etter gjeldande takstar. Gratis ved frikort, og gratis for pårørande. Avbestilling seinast 24 timar før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset krevje eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort.

Servering 

Kaffi, te og ein enkel lunsj er inkludert.

Påmelding

Du må ha tilvising frå eigen lege. Hugs å melde frå om spesielle behov. Påmeldingsfrist er 14 dager før kursstart. Du får skriftleg bekrefting om plass. Meld frå om pårørande deltar. 

Innlegg ved

Lege, sjukepleiar, sosionom, fysioterapeut, klinisk ernæringsfysiolog, psykiatar, brukarmedverkar og brukarorganisasjon. 

Presentasjonar

Parkering

Det er parkering mot betaling i Ulriksdal Helsepark og i parkeringsanlegga over gata til Ulriksdal og ved Haraldsplass Diakonale sjukehus.

Fann du det du leita etter?