Nevroutviklingsforstyrringar i vaksenlivet

Konferanse, 25.10.2017, Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi - RFM

Felleskonferansen 2017: Nevroutviklingsforstyrringar i vaksenlivet. Kva ser vi? Kva kan gjerast?

På denne konferansedagen ser vi på moglegheiter og utfordringar for utgreiing, diagnostisering, behandling og oppfølging av vaksne med Asperger syndrom, Tourettes syndrom eller ADHD.

Målgruppa for konferansen er tilsette i spesialisthelsetenesta, kommunal helseteneste og andre interesserte.


Påmelding

Meld deg på i vårt påmeldingsskjema

Påmeldingsfrist: 11. oktober 2017

Gratis konferanse

Konferansen er gratis og inkluderer lunsj

Forelesere

ASPERGER SYDROM: Alexander Mogstad, psykologspesialist med fordjupning i klinisk habilitering, utdanna frå NTNU. Han har i ei årrekke arbeida med barn, ungdom og vaksne med autismespekterforstyrringar, og har brei erfaring med klinisk arbeid, utgreiing, behandling og oppfølging av unge og vaksne med Asperger syndrom.

TOURETTES SYNDROM: Mats Fredriksen, overlege Ph.D. er spesialist i psykiatri og nevrologi, og er overlege på ein spesialpoliklinikk ved Sykehuset i Vestfold (SiV) som bl.a. behandlar vaksne med Tourettes syndrom og ADHD. Han har brei erfaring frå klinisk arbeid med nevroutviklingsforstyrringar og bevegelsesforstyrringar hos unge og vaksne bl.a. frå vaksenhabiliteringstenesta og nevrologisk poliklinikk ved SiV.

ADHD: Anne Halmøy, overlege PhD. Anne Halmøy er nå overlege ved Kronstad DPS i Bergen, der ho hun i tillegg til vanleg poliklinisk pasientarbeid har ein ressursfunksjon for vaksne med ADHD i Helse-Bergen. Halmøy har også ei bistilling som førsteamanuensis II ved K.G. Jebsen senter for nevropsykiatriske lidelser ved Universitetet i Bergen.

Program

08.30 - Registrering og kaffe
09.00 - Velkommen og innspel frå ADHD Norge
09.15 -Utgreiing og diagnostisering av ADHD hos vaksne: Kva ser vi? v/Anne Halmøy
10.00 - Pause
10.10- Innspel frå Norsk Tourette Forening
10.15- Utgreiing og diagnostisering av Tourettes syndrom hos
voksne: Kva ser vi? v/ Mats Fredriksen
11.00 - Pause
11.10 - Innspel frå Autismeforeningen
11.15 - Utgreiing og diagnostisering av Asperger syndrom hos vaksne: Kva ser vi? v/Alexander Mogstad

12.00 - Lunsj
12.45 - Behandling og oppfølging av vaksne med Asperger
syndrom: Kva kan gjerast? v/ Alexander Mogstad
13.25 - Beinstrekk 5 minutt
13. 30 - Behandling og oppfølging av vaksne med Tourettes syndrom: Kva kan gjerast? v/Mats Fredriksen
14.10 - Pause
14. 30 – Behandling og oppfølging av vaksne med ADHD: Kva kan gjerast? v/Anne Halmøy
15:10 - Felles drøfting/paneldiskusjon
15:45 - Slutt

Arrangør av konferansen

Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi Helse Vest, Regionalt fagmiljø for Autisme, ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi Midt Norge, Regionalt fagnettverk for autisme, ADHD og Tourettes syndrom Helse Nord (R-FAAT) 
Regional kompetansetjeneste for autisme, ADHD Tourettes syndrom, ADHD og narkolepsi Helse Sør – Øst og
NevSom - Nasjonalt kompetansesenter nevroutviklingsforstyrrelser og hypersomnier, Oslo universitetssykehus.

Konferansen arrangeres også her:

  • 27. september 2017 i Oslo (moglegheit for videokonferanse for Helse Sør-Øst)
  • 28. september 2017 i Tromsø (moglegheit for videokonferanse for Helse Nord)
  • 24. oktober 2017 i Trondheim (moglegheit for videokonferanse for Helse Midt)

Godkjenninger

Konferansen er godkjent av Den Norske Legeforening som 6 timars valgfritt kurs for legar i spesialisering og spesialistanes etterutdanning i nevrologi og psykiatri. Konferansen er godkjent av Psykologforeningen som 6 timars vedlikehaldsaktivitet (deltaking på videokonferanse gir ikkje godkjenning frå Norsk Psykologforening). Kurset er godkjent av Norsk Sykepleierforbund som 6 timar meritterande og kan nyttast i samsvar til godkjenningsordninga klinisk spesialist i sjukepleie/spesialsjukepleie.

Når og kor

Dato
25.10.2017 
Klokkeslett
08:30-16:00 
Stad
Scandic Flesland Airport Hotell, Lønningsvegen 9, Flesland.
Mulighet for videokonferanse Helse Vest.
 
Arrangør
Regionalt fagmiljø for autisme, ADHD, Tourettes syndrom og narkolepsi
 
Kontakt
Ved ønske om videokonferanse, ta kontakt med: unni.sagstad@helse-bergen.no