Nasjonal blodbank-konferanse

Kurs og kompetanseutvikling for helsepersonell , 11.04.2018-13.04.2018 , Immunologi og transfusjonsmedisin

Blodbanken ved Haukeland universitetssjukehus har gleda av å ønske velkommen til nasjonal blodbankkonferanse i Bergen.

Bilde med logo nasjonal blodbankkonferanse. Grafikk/Foto

Det blir eit spanande og variert program med førelesarar frå inn- og utland. I tillegg blir det eit sosialt «get-together»-arrangement onsdag ettermiddag og festmiddag torsdag kveld.

Utdrag frå programmet

  • Kva skjer i blodposen? Lagring av celler og proteomikk v/ Angelo D'Alessandro
  • Industriell framstilling av celler v/ David Anstee
  • Beinceller v/ Cecilie Gudveig Gjerde
  • Thalassemi hos norske pasientar v/ Runa Marie Grimholt

Formøte: «Massive transfusjonar og blodberedskap»

Dato: 11. april
Tid: Kl. 11.00-15.30 (registrering frå kl. 10.30)
Stad: Storstuen, Bikuben kurs- og konferansesenter, Haukeland universitetssjukehus

Formøtet er ope for alle som er interesserte, og programmet omfattar forelesingar og diskusjonar omkring fleire tema: Blodtransfusjon ved livstruande blødingar, val av blodkomponentar ved massiv blodtransfusjon og korleis sikre tilfredsstillande blodberedskap i Noreg.

Formøtet arrangerast som ledd i oppfølginga av vår nasjonale studie av massive transfusjonar i Noreg, og foreløpige resultat av denne studien bil bli lagt fram.

«Get-together» 11. april

Vi startar allereie onsdag ettermiddag med eit sosialt arrangement der alle kan bli betre kjente.

Gå til påmelding

Posterar

Det vil bli høve til å delta med posterar, og vi oppmodar alle som har interessante tema å formidle til å delta med sine posterar. Posterpris blir tildelt beste poster.

Kontaktperson poster: Hanne Braathen - e-post hanne.braathen@helse-bergen.no


Når og kor

Dato
11.04.2018-13.04.2018 
Klokkeslett
 
Stad
Radisson Blu Royal Hotel Bryggen
Dreggsallmenningen 1
5003 Bergen
 
Arrangør
Immunologi og transfusjonsmedisin
 

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.