Når unge stenger døra

Kurs og kompetanseutvikling for helsepersonell , 14.02.2018 , Fag og utdanning

Omlag 43 000 unge har ikkje noko å gjere, og mange av dei
isolerer seg heime.
  • Korleis oppnå kontakt med dei?
  • Korleis skal vi forstå og forklare situasjonen dei er hamna i?
  • Kva skal vi foreslå av tiltak?
  • Kven skal ta ansvaret for å få til ei endring?
  • Kven og korleis kan vi samarbeide?

Dette er spørsmåla som vi stiller oss sjølve på neste samarbeidsmøte mellom Haukeland universitetssjukehus og fastlegane i Helse Bergen område. Vi møtast for å drøfte korleis aktørar i helsesektor og kommune kan samarbeide for møte desse ungdomane og deira familiar på ein god måte.

På temakvelden møter du ei mor som har kjempa for sonen sin, og ein ung mann som har kome seg ut av situasjonen.

På programmet står innlegg og diskusjon med representantar frå: Fastlegane, PPT, skolehelsetenesta, helsesøster, barnevernet, fylkeslegen, NAV, og spesialisthelsetenesta innan psykiatri, rus og hjarte.

 Kurs teljande timar til spesialiteten allmennmedisin

Når og kor

Dato
14.02.2018 
Klokkeslett
16:00-21:00 
Stad
Bikuben kurs- og konferansesenter
  
Arrangør
Fag og utdanning, FoU
 
Kontakt
Påmelding sendast til Praksiskonsulentordninga
pko@helse-bergen.no

 
Meir informasjon
pko@helse-bergen.no  
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.