Musikkterapifestivalen

Kulturtilbud , 05.04.2019-09.04.2019 , Bjørgvin distriktspsykiatriske senter

Musikkterapeutane ved Bjørgvin DPS og studentar frå musikkterapistudiet ved UiB arrangerer festival i samarbeid med Amalie Skrams Hus.

Program


  • Amalie Skrams Hus: Festivalopning og konsert fredag 05.04. kl 19.00
  • Café Opera: Konsert laurdag 06.04. kl 19.00
  • Bjørgvin DPS: Tirsdag 9. april: Festivalavslutning kl 12.00 med konsert og open scene. Kaféen er open frå kl 11.30. 

Alle arrangement er gratis! Velkommen! 

Meir informasjon på facebookHøyr festivalartistane her

Bakgrunn


Kvar haust sidan 2005 er det blitt arrangert kulturveke ved Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS). Mål for arrangementa har vore å gje menneske med psykiske helseplager ein arena til oppleving og uttrykk gjennom kunst og kultur. 

Frå 2016 vart kulturveka komprimert til tre dagar under namnet Musikkterapifestivalen 1-2-3. Festivalen har tatt utgangspunkt i artistar frå tretrinnsmodellen med komponentane "inne, ute og eigedrive". Modellen viser til korleis musikkterapi kan organiserast som eit gjennomgåande tilbod i Bergen ved spesialisthelsetenesta (trinn 1 - DPS), i primærhelsetenesta (trinn 2 - U82), og ut i det lokale kulturliv (trinn 3 - Bergen). 

Musikkterapeutane ved Bjørgvin DPS jobbar utifrå ei økologisk samfunnsmusikkterapeutisk tenking som vektlegg samspelet mellom individ og samfunn. I tillegg til interne konsertar ynskjer musikkterapuetane difor å benytte seg av eksisterande kultur- og aktivitetstilbod i Bergen som t.d. Amalie Skrams Hus og kjende rockescener i byen. 

Nokre av artistane har bakgrunn frå musikkterapi, andre har tiknyting til psykisk helsefeltet, men dei er fyrst og fremst musikarar med ei psykisk helse slik som du og meg.

Når og kor

Dato
05.04.2019-09.04.2019 
Klokkeslett
19:00-15:00
Stad
Tertnesveien 35
Arrangementa foregår på
Amalie Skrams Hus, Café Opera og Bjørgvin DPS.
 
Arrangør
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS)
 
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.