Musikkterapifestivalen 1-2-3

Aktivitet , 01.11.2018-03.11.2018 , Bjørgvin distriktspsykiatriske senter

Musikkterapeutane ved Bjørgvin DPS arrangerer for tredje år på rad festival med artistar frå tretrinnsmodellen «inne, ute og eigedrive».
3 trinn - 3 dagar - 3 konsertar - November 1-2-3
Alle arrangement er gratis!

Program


Bjørgvin DPS:
Torsdag 01.11. kl 12.00.
Festivalopning med open scene og kafé i gymsalen. Kaféen er open frå kl 11.
 
U82-huset:
Fredag 02.11. kl 19.00.
Treffpunkt MOT82-U82. Konsert med brukarar av U82-huset.
Les meir om MOT82
 
Cafe Opera:
Laurdag 03.11. kl 19.00.
Festivalkonsert med videolansering! Dørene opnar kl 19.00.
Café Opera på Facebook
Høyr festivalartistane her
 
Soul Party kjem saman igjen for å sleppe musikkvideo under festivalen.

Bakgrunn

Kvar haust sidan 2005 er det blitt arrangert kulturveke ved Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS). Mål for arrangementa har vore å gje menneske med psykiske helseplager ein arena til oppleving og uttrykk gjennom kunst og kultur. Dei siste to åra er kulturveka blitt komprimert til tre dagar under namnet Musikkterapifestivalen 1-2-3. 

Festivalen tar utgangspunkt i artistar frå tretrinnsmodellen med komponentane "inne, ute og eigedrive". 3 konsertar, 3 dagar, 3 trinn:

  • Trinn 1: Musikkterapitilbod inne på Bjørgvin DPS. Open scene arrangement i gymsalen på Bjørgvin DPS.
  • Trinn 2: Musikkterapitilbod ute ved U82-huset. Treffpunkt U82-MOT82, konsert på U82-huset.
  • Trinn 3: Musikk som eigedriven aktivitet i lokalsamfunnet: Festivalkonsert på Cafe Opera.
Tretrinnsmodellen viser til korleis musikkterapi kan organiserast som eit gjennomgåande tilbod i Bergen ved spesialisthelsetenesta (trinn 1 - DPS), i primærhelsetenesta (trinn 2 - U82), og ut i det lokale kulturliv (trinn 3). 

Musikkterapeutane ved Bjørgvin DPS jobbar utifrå ei økologisk samfunnsmusikkterapeutisk tenking som vektlegg samspelet mellom individ og samfunn.

Når og kor

Dato
01.11.2018-03.11.2018 
Klokkeslett
12:00-23:30
Stad
Tertnesveien 37
Bjørgvin DPS på Tertnes, U82-huset og Cafe Opera.
 
Arrangør
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS)
 
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.