Musikkterapifestivalen 1-2-3

Aktivitet, 01.11.2017-03.11.2017, Bjørgvin distriktspsykiatriske senter

Musikkterapeutane ved Bjørgvin DPS gjentek suksessen frå i fjor og arrangerer festival med artistar frå tretrinnsmodellen «inne, ute og eigedrive» 1.-3. november.

3 trinn - 3 dagar - 3 konsertar - November 1-2-3

Alle arrangement er gratis!

Følg oss på Facebook

Program

Bjørgvin DPS:

Onsdag 01.11. kl 12.00.
Open scene med kafe i gymsalen. Kafe’en er open frå kl 11. Festivalopning med klinikkdirektøren!

U82-huset:

Torsdag 02.11. kl 19.00.
Treffpunkt MOT82-U82. Konsert med brukarar av U82-huset.

Les meir om MOT82

Chagall:

Fredag 03.11. kl 20.00.
«Psykisk kan du være sjøl!»-konsert! Dørene opnar kl 19.00.

Chagall på Facebook

Høyr festivalartistane her


Bakgrunn

Kvar haust sidan 2005 er det blitt arrangert kulturveke ved Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS). Mål for arrangementa har vore å gje menneske med psykiske helseplager ein arena til oppleving og uttrykk gjennom kunst og kultur. Dei siste to åra er kulturveka blitt komprimert til tre dagar under namnet Musikkterapifestivalen 1-2-3. Festivalen tar utgangspunkt i artistar frå tretrinnsmodellen med komponentane "inne, ute og eigedrive" . 3 konsertar, 3 dagar, 3 trinn:

  • Trinn 1: Musikkterapitilbod inne på Bjørgvin DPS. Open scene arrangement i gymsalen på Bjørgvin DPS.
  • Trinn 2: Musikkterapitilbod ute ved U82-huset. Treffpunkt U82-MOT82, konsert på U82-huset.
  • Trinn 3: Musikk som eigedriven aktivitet i lokalsamfunnet: "Psykisk kan du være sjøl"-konsert på Chagall.

Tretrinnsmodellen viser til korleis musikkterapi kan organiserast som eit gjennomgåande tilbod i Bergen ved spesialisthelsetenesta (trinn 1 - DPS), i primærhelsetenesta (trinn 2- U82), og ut i det lokale kulturliv (trinn 3). Musikkterapeutane ved Bjørgvin DPS jobbar utifrå ei økologisk samfunnsmusikkterapeutisk tenking som vektlegg samspelet mellom individ og samfunn.

 

Når og kor

Dato
01.11.2017-03.11.2017 
Klokkeslett
12:00-23:00 
Stad
Tertnesveien 37
Festivalen foregår på Bjørgvin DPS, U82-huset og på Chagall.
 
Arrangør
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS)
 
Kontakt
Musikkterapeut Øystein Lydvo ved Bjørgvin DPS
E-post olyd@helse-bergen.no