MS - Kurs for nydiagnostiserte og pårørande

Kurs, 2 gonger i året, Nevrologisk avdeling, Nasjonal kompetansetjeneste for multippel sklerose, Nevroklinikken, Lærings- og meistringssenteret, Nevropoliklinikk

Kurs til dei som nettopp har fått diagnosen Multippel Sklerose ved Nevrologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus, og deira pårørande.

Målsetjing

  • kjennskap til sjukdommen og behandling som er aktuell i dag
  • kjennskap til sjølvhjelp og meistringsstrategiar
  • dele erfaring med andre i same situasjon

Tid 2017 - todagars kurs

15. og 16. mai
6. og 7. desember
09.00 - 15.00 begge dagar.

Pris

Eigenandel etter gjeldande takstar- kan skrives i eigendelskortet. Gratis ved frikort. Pårørande gratis. Enkel lunsj blir servert.   

Avbestilling seinast 24 timar før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, krev sjukehuset en eigendel etter gjeldande takster. Dette gjeld også om du har frikort. 

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Du må ha tilvising frå eigen lege.

Pasientar / pårørande kan melde seg på ved å sende e-post til: anne.skar@helse-bergen.no

Telefon 55 97 60 76 / 55 97 51 23 / 55 97 55 03

Når og kor

Tid
2 gonger i året
Stad
Lærings- og meistringssenteret
v/innkjørsel til Haraldsplass sjukehus
 
Arrangør
Nasjonal kompetansetjeneste for multippel sklerose , Nevroklinikken, Nevrologisk avdeling, Lærings- og meistringssenteret, Nevropoliklinikk
 
Kontakt
For praktisk informasjon

Lærings- og mestringssenteret i Bergen, HUS
55 97 47 80 - e-post lms@helse-bergen.no
Internett www.helse-bergen.no
 

Reise, kost og losji

Reise-, kost- og losjikostnadar ved pasientars opplæringskurs i regi av Lærings- og meistringssenteret blir dekka av Folketrygden etter faste satsar mot ein eigendel (jf. Trygdeetatens rundskriv nr. 71: «Reise, opphold og ledsager»). Deltakarar må kontakte lokalt trygdekontor før avreise. Dekking av pårørandes kostnadar må avtalast på førehand. Ta vare på kvitteringar.

Deltakarane må sjølve organisere overnatting. MS-forbundet har avtale med First Marin Hotel og medlemmar får rom til redusert pris. Deira lokale og parkering har universell utforming.