Motiverande intervju

Kurs, 03.10.2019, Ergoterapiavdelinga

Kurs for ergoterapeutar.

Motivarande intervju er ein målretta og klientsentrert samtaleform som blir brukt når ein ønsker å utforske og styrke pasienten/klienten sin indre motivasjon for endring. Fleire av ergoterapeutane på Haukeland universitetsjukehus har vidareutdanning i motiverande intervju og har god erfaring med at dette er ein nyttig samtaleteknikk i møte med pasientar.


Tom Barth er spesialist i klinisk psykologi og har lang erfaring med å bruke motiverande intervju. Barth er i ferd med å trappe ned på sin yrkeskarriere. Me blei derfor veldig glade då han takka ja til vår invitasjon om å halde eit dagskurs i motiverande intervju. Grip denne sjansen til å få med deg eit godt og matnyttig kurs.


Kurset er godkjent av Norsk Ergoterapeutforbund med 6 timar som ergoterapispesifikt og spesialspesifikt kurs meritterande til ergoterapispesialist i Allmennhelse, Somatisk helse og Folkehelse.

Kursavgift: 1300 kroner 

Påmeldingsfrist: 19.09.19 Bindande påmelding.

Påmelding via deltager.no ergoterapi

Ved spørsmål ta kontakt med:

Ruth Else Mehl Eide; ruth.else.mehl.eide@helse-bergen.no, 55 97 50 06,
Espen Valle; espen.valle@helse-bergen.no, 55 97 62 96 eller
Eline Aase Kordt; eline.aase.kordt@helse-bergen.no

Når og kor

Dato
03.10.2019 
Klokkeslett
09:00-15:45
Stad
Bikuben kurs- og konferansesenter
  
Arrangør
Ergoterapiavdelinga
 
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.