Miljøarbeid ved angst og depresjon hos personar med utviklingshemming

Kurs og kompetanseutvikling for helsepersonell , Bestillingskurs , Habiliteringsavdelinga for vaksne

Personar med utviklingshemming er meir utset for å utvikle psykiske lidingar enn resten av befolkninga. Det kan vere utfordrande å skilje symptom på angst og depresjon frå kvardagsvanskar og veremåte som er knytt til utviklingshemming.

I dette kurset vil vi fokusere på å kunne oppdage symptom på angst og depresjon, forstå utløysande faktorar og beskrive tilrettelegging i miljøet og intervensjon. Tilpassa kommunikasjon, haldningar, etikk og meistring vil bli vektlagt.

Kurset vil veksle mellom teori og caseoppgåver der deltakarane blir engasjert.

Innhald

  • Å leve med utviklingshemming, kvardagsvanskar
  • Teikn på kognitiv overbelasting
  • Symptom på angst og depresjon
  • Kartlegging og når søke hjelp
  • Miljøtilrettelegging

Målgruppe

Tenesteytarar til personar med utviklingshemming. Kurset er eigna for grupper på 20-30 deltakarar.

Varigheit

5 timar

Kursansvarlege

Johanna Eide, fagkonsulent og vernepleiar
Helene Rosvoll, fagkonsulent og vernepleiar
Ingfrid Oppistov Lien, psykologspesialist

Pris

Fagleg innhald kr 9000,-

Praktisk informasjon

Lokal arrangør / bestillar har ansvar for praktisk tilrettelegging av kurset (kurslokale, påmelding, kaffi / te og lunsj)

Arrangør

Habiliteringsavdelinga for vaksne ved Haukeland universitetssjukehus

Kontakt

Førespurnad om bestillingskurs kan sendast til postmottak.habilitering@helse-bergen.no


Tilbake til Kursoversikt - bestillingskurs

Når og kor

Tid
Bestillingskurs
Klokkeslett
 
Arrangør
Habiliteringsavdelinga for vaksne
 
Kontakt
Kontaktperson Marianne Nielsen
Telefon 55 53 50 10 / 55 53 50 00
 

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.